Ytre Nordmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ytre Nordmøre er eit geografisk omgrep som oftast omfattar kommunane Eide, Averøy, Kristiansund, Halsa, Aure og SmølaNordmøre. Kommunane Gjemnes, Tingvoll og Halsa, såvel som dei nordvestlegaste delane av Surnadal kommune, dannar kulturelt sett eit overgangsområde til Indre Nordmøre.

Før kommunesamanslutningane på 60-talet vart følgjande kommunar rekna til Ytre Nordmøre (noverande kommune): Eide (Eide), Kornstad, Kvernes og Bremsnes (Averøy), Frei, Kristiansund og Grip (Kristiansund), Halsa og Valsøyfjord (Halsa), Tustna, Aure og Stemshaug (Aure), Edøy, Brattvær og Hopen (Smøla). Dette er berre hovuddraga i samanslutningane, då fleire kommunar gav delar til andre kommunar enn dei oppgjevne. Mellom anna vart Bremsnes delt i tre delar, dei to andre tillagde Kristiansund og Frei. Tustna var eigen kommune til 2006, Frei til 2008.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Språkleg sett skil Ytre Nordmøre seg ut frå Indre Nordmøre m.a. ved samanfall av skj og sj i framlyd (og ofte òg innlyd), ved mykje bruk av tjukk l heller enn r for historisk og ved meir vekt på aspirasjon enn på stemtheit som skilje mellom stemte og ustemte konsonantar i framlyd. Ytre Nordmøre har meir tiljamning enn utjamning i jamvektsord.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Artistane Øyvind «Elg» Elgenes, Frode Alnæs, Lynni Treekrem og Ove Borøchstein kjem frå Ytre Nordmøre, og syng på lokal dialekt.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.