Ytre Stavanger prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madlamark kyrkje er prostikyrkja i Ytre Stavanger prosti.[1]

Ytre Stavanger prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Madlamark. Prostiet vart oppretta 1. januar 2006, då 5 sokn frå Tungenes prosti (Madlamark, Hafrsfjord, Sunde, Tasta og Vardeneset) og 3 sokn frå Stavanger domprosti (Hinna, Hillevåg og Gausel) vart slått saman til eit nytt prosti. I denne prosessen i bispedømmet vart og gamle Karmsund prosti delt i nye Haugesund prosti og Karmøy prosti.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Prostiet var tidlegare inndelt i prestegjeld og sokn. Prestegjelda vart fasa ut av Den norske kyrkja frå 2004 med Nærøy prosti i Nidaros bispedømme som det fyrste til å leggje om til nyordninga 17. juni 2004.[2] Frå 2012 gjekk det også ut av lovverket.[3]

Sokn i Ytre Stavanger prosti[endre | endre wikiteksten]

Per 2017 var det åtte sokn i prostiet: Gausel, Hilllevåg, Hinna, Hafrsfjord, Madlamark, Sunde, Tasta og Vardeneset.[4]

Tidlegare prestegjeld og sokn i Ytre Stavanger prosti[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Madlamark kirke». Kyrkjesøk. Henta 2. oktober 2017. 
  2. «Det hendte i 2004: 17. juni Nærøy prosti først med reform». Den norske kyrkja. 2004. Arkivert frå originalen 29. september 2012. Henta 2. oktober 2017. 
  3. «Endringer i gravferdsloven og kirkeloven». Regjeringa.no. Henta 2. oktober 2017. 
  4. «Ytre Stavanger». Stavanger bispedømme. 11. desember 2015. Henta 2. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]