Ytringsfrihetsforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ytringsfrihetsforbundet (YFO) er eit registrert livssynssamfunn i Brønnøysundregistret. Forbundet er stifta for å «gje medlemmene ei felles ramme og kjensle av tilhøyrsle rundt det å tenke og tale fritt» og for å «kjempe mot totalitære tendensar, politisk søme og andre åtak på dei reelle liberale verdiane som blei bygde opp i Europas historie».[1]

Ytringsfrihetsforbundet vil søke offentleg økonomisk stønad på lik linje med andre livssynssamfunn i Noreg.[2] Det vil årleg dele ut ein ytringsfridomspris, og arrangere seminar og samankomstar for medlemmer, andre inviterte og ålmenta.[1] Det hadde per 27. desember 2018 passert 500 medlemmer, og med det passert den nedre grensa for offentleg stønad.[3][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om oss». Ytringsfrihetsforbundet. Henta 30. desember 2018. 
  2. «Resett-redaktør vil søke støtte til nytt livssynssamfunn». Aftenposten. 28. desember 2018. Henta 30. desember 2018. 
  3. «Ytringsfrihetsforbundet passerer 500 ordinære medlemmer etter 34 timer, nedre grense for offentlig støtte er allerede passert». Resett. 27. desember 2018. Henta 30. desember 2018. 
  4. «Resett-redaktør danner livssynssamfunn for meningsfeller». Nettavisen. 28. desember 2018. Henta 30. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]