Ytterøy skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ytterøy skole er ein skole på Ytterøya i Levanger kommune. Skolen er ein 1–10-skole. Ytterøy skole har eit stort friområde med ballvegg, ballbinge, husker og sklier.

Det er ni lærarar tilsett ved skolen. Skolen har to bygg, småtrinnet held til i det gamle kommunehuset til tidlegare Ytterøy kommune frå 1950-talet, medan mellom- og ungdomstrinnet held til i eit bygg frå 1974.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]