Ytterplagg
Utsjånad

Ytterklede, ytterplagg eller yttertøy er klede som er meint til bruk utandørs oppå andre klede, som vern mot kulde, varme, vind eller regn.
Dei vanligaste døma på ytterplagg er jakke, kåpe og frakk. Også meir spesialiserte plagg som anorakk, kjeledress, pels, regnklede og termobukser er ytterklede. Ein kan også dekka til hovudet med hovudplagg som hattar eller luer, hendene med hanskar eller vottar og halsen med skjerf eller sjal.
Sko og støvlar til utandørs bruk er til tider rekna som del av ytterklede, sjølv om dei ikkje i seg sjølve er klede.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ytterplagg» frå Wikipedia på svensk, den 19. november 2024.