Yttrotantalitt-(Y)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yttrotantalitt-(Y)

Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formel(Y,Ca,U4+,Fe2+)2(Ta,Nb)2O8
Identifikasjon
FargeBrunsvart til svart
KrystallsystemOrtorombisk
KløyvDårleg/uklår på {010}.
BrotMuslig
GlansGlasaktig, sleip, nær-metallisk
StrekfargeGrå
Tettleik5.5 - 5.9 g/cm3 (målt)
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparisotrop
Andre eigenskaparRadioaktivt
Kjelder[1]

Yttrotantalitt-(Y) er eit svart, radioaktivt mineral som hovudsakleg er eit oksid av tantal og yttrium. Det opptrer i metamikt tilstand, og er eit sjeldant mineral som finst i ein del granittpegmatittar i Sør-Noreg. Samarskitt er eit mineral som er i slekt med yttrotantalitt og som inneheld meir niob i staden for tantal. Namnet «yttrotantalitt» er sett saman av «yttrium» og «tantalitt».[2]

Mineralet finst mellom anna ved YtterbyResarö i Vaxholm i Sverige.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Yttrotantalite-(Y)». Mindat.org. 
  2. «yttrotantalitt-(Y)». Store Norske Leksikon. 15. februar 2009.