Yulimar Rojas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yulimar Rojas


Statsborgarskap Venezuela
Fødd 21. oktober 1995 (28 år)
Caracas, Puerto La Cruz
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg kvinner, VM i friidrett innendørs 2022 – Tresteg kvinner

Utmerkingar

100 Women

Yulimar Rojas Rodríguez (fødd 21. oktober 1995) er ein venezulansk friidrettsutøvar frå Caracas som vart verdsmeister i tresteghopp i 2017 og 2019, samt olympisk meister i 2021. Ho sette verdsrekord i øvinga med 15,67 meter då ho sikra seg OL-gullet i Tokyo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rojas vann tresteg-øvinga under innandørs-VM 2016 i Portland. Den 23. juni sette ho personleg rekord med 15,02 meter då ho vann eit stemne i Madrid. Nokre veker seinare hoppa ho nesten like langt under dei olympiske sommarleikane i Rio de Janeiro, nok til å vinne sølvmedaljen.

Ved London-VM 2017 kneip Rojas gullmedaljen då ho i femte omgang hoppa 14,91 m, ho slo dermed Caterine Ibargüen med 2 centimeter. I september 2019 flytta ho sitt personbeste til sterke 15,41 meter i spanske Andújar, ein månad seinare forsvarte ho VM-tittelen på suverent vis i Doha.

Forsommaren 2021 flytta Rojas sitt personbeste til 15,43 m. Under OL-finalen i Tokyo 1. august 2021 var ho utilnærmeleg, i den siste omgangen smelte ho til 15,67 meter. Dermed sletta ho den 26 år gamle rekorden til Inessa Kravets på 15,50 m. Sitt livs lengste tresteghopp presterte Rojas då ho i Beograd 20. mars 2022 vann tresteg i innandørs-VM etter å ha landa på 15,74 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]