Hopp til innhald

Yupikfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ung yupikkvinne frå Sibir med kvalrosstenner
Unggut frå Hooper Bay i Sentral-Alaska i 1930

Yupikfolk (eintal yupik, fleirtal yupiit) (/ˈjpɪk/; russisk Юпикские народы) er ei urfolksgruppe frå vest-, sørvest- og sør-sentrale Alaska og Russisk fjerne austen. Dei er i slekt med inuittar og iñupiatfolk, og snakkar tradisjonelt yupikspråk. Yupikfolka omfattar dei følgjande gruppene:

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Yup'ik kjem frå yupikordet yuk, som tyder 'person', og -pik, som tyder 'ekte'. Dermed tyder det bokstaveleg 'ekte folk.'[3]

Bruken av apostrof i namnet «yup’ik» stammar frå rettskrivinga i alaskayupik, der teiknet representer geminasjon eller forlenging av p-lyden.[4]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Yup'ik er det mest talrike av dei ulike urfolka frå Alaska. Fleirtalet av dei snakkar det eskimoisk-aleutiske språket alaskayupik. Ved folketeljinga i USA i 2002 blei det telt opp meir enn 24 000 yupikfolk i landet,[5] med over 22 000 av dei busette i Alaska. Det store fleirtalet budde i dei omlag 70 busetnadane i det tradisjonelle yup'ik-området i Vest- og Sørvest-Alaska.[6] Amerikanske folketeljingsdata omfattar også 2 355 sugpiaq, medan det bur rundt 1 700 yupikfolk i Russland.[7] Ifølgje den amerikanske folketeljinga frå 2019 er det rundt 700 urfolk frå Alaska i Seattle, mange av dei anten inuittar eller yupikfolk, og nesten 7 000 i delstaten Washington.[8][9]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Forfedrane til yupikfolk, inuittar og aleuar, i tillegg til andre paleosibirske grupper) skal ha kome frå Aust-Sibir, og kome til området ved Beringhavet for rundt 10 000 år sidan.[10] Det verker som om det kom fleire migrasjonsbølgjer frå Sibir til Amerika via Bering-brua, som blei tilgjengeleg for mellom 20 000 og 8 000 år sidan under istider. For rundt 3 000 år sidan hadde forfedrane til yupikfolk slått seg ned i kystområde i det som i dag utgjever vestre Alaska, med migrasjonar opp kystelvene — særleg Yukon og Kuskokwim— rundt år 1400. Dei enda opp så langt oppstrøms som Paimiut ved Yukon og Crow Village ved Kuskokwim.[3]

Sibirske yupikfolk kan ha kome dit gjennom tilbakevending av folk frå Alaska til Sibir.[11]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Yupik-maske frå Sitka i Alaska, no ved Alaska State Museum
Yup'ik-korg

Tradisjonelt var familiar ved fiskeleirar om sommaren, og kom saman med andre på landsbydstader om vinteren. Mange familiar haustar framleis av dei tradisjonelle naturressursane, særleg laks og sel.

Mannshuset, qasgiq, var eit samfunnshus der ein heldt seremoniar og festivalar som kunne omfatta song, dans og forteljing. Seremoniane omfatta ein sjaman. Ein brukte særleg qasgiqen om vinteren, fordi folk reiste i familiegrupper etter matkjelder om våren, sommaren og hausten. I tillegg til seremoniar og festivalar blei qasgiqen brukt av menn til å læra gutar kunnskap om overleving, jakt og anna nyttig livserfaring. Gutar blei også lærte opp i å laga reiskapar og qayaq (kajakkar) om vinteren i qasgiqen.

Kvinnehuset, ena, låg tradisjonelt like ved sida av mannshuset. I nokre område var dei to husa knytte saman med ein tunnel. Kvinner lærte opp unge jenter i å behandla og laga mat av fisk og vilt, garva skinn og sy og veva. Gutar budde i lag med mødrene sine til dei var rundt fem år, så flytta dei over til mennene i qasgiqen.

I periodar på mellom tre og seks veker pleide gutar og jenter å byta opplæring, slk at mennene lærte jentene om overleving, jakt og reiskapsmaking medan kvinnene lærte gutane matbehandling, saum og annan kunnskap dei delte med jentene.

Tradisjonell namngjeving blant yup'ikar er at ein kallar opp nyfødde barn etter den personen i samfunnet som mest nyleg har døydd.

I gruppedansar blant yup'ikar blir ofte kvar dansar verande på ein stad medan overkroppen og armane rører seg rytmisk og gestane deira blir forsterka ved handhaldne dansevifter som liknar mykje på cherokee-dansevifter.

Kuspuk (qaspeq) er eit tradisjoelt yup'ik-plagg brukt av begge kjønn. I Alaska blir det brukt både i daglegdagse og formelle omstende.

Seloljelampen (naniq) var ein viktig del av inventaret.[12]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Fem yupikspråk er framleis utbreidde. Yupik er det nest mest utbreidde urfolksspråket i USA, med 19 750 talarar registrerte i folketeljinga i 2015.[13]

Som iñupiatfolk i Alaska tok yupikfolk både i Alaska og Sibir i brukt eit skriftsystem utvikla av misjonærar frå den moraviske kyrkja på 1760-talet på Grønland. Alaska-yupikar og iñupiatfolk er dei einaste nordlege urfolka til å ha utvikla sine eine system for biletskrift, men dette systemet døydde ut med skaparane sine.[14] Seint på 1800-talet brukte moraviske misjonærar i Sørvest-Alaska yupik i gudstenester, og omsette bibeltekstar til folkespråket.[15]

Nunivak-cup'ig-mor og barn, fotografert av Edward Curtis i 1930

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Achirgina-Arsiak, Tatiana. "Northeastern Siberian: Yupik (Asiatic Eskimo)." Alaska Native Collections. 1996. Henta 20. juli 2012.
  2. Video about Yupik communities on St. Lawrence Island, Bering Sea
  3. 3,0 3,1 Fienup-Riordan, 1993, s. 10.
  4. Jacobson, Steven A. Central Yup’ik and the Schools: A Handbook for Teachers. Juneau: Alaska Native Language Center, 1984. s. 5
  5. United States Census Bureau. (2004-06-30). "Table 1. American Indian and Alaska Native Alone and Alone or in Combination Population by Tribe for the United States: 2000." American Indian and Alaska Native Tribes for the United States, Regions, Divisions, and States (PHC-T-18). U.S. Census Bureau, Census 2000, special tabulation. Retrieved on 2007-04-12.
  6. United States Census Bureau. (2004-06-30). "Table 16. American Indian and Alaska Native Alone and Alone or in Combination Population by Tribe for Alaska: 2000." American Indian and Alaska Native Tribes for the United States, Regions, Divisions, and States (PHC-T-18). United States Census Bureau, Census 2000, special tabulation. Retrieved on 2007-04-12.
  7. "Yup’ik." U*X*L Encyclopedia of Native American Tribes. U*X*L. 2008. Henta 14. august 2012 frå HighBeam Research: http://www.highbeam.com/doc/1G2-3048800051.html Arkivert 2013-05-15 ved Wayback Machine.
  8. «Current Alaska Native Tribes Population demographics in Seattle, Washington 2020, 2019 by gender and age». United States Census Bureau and SuburbanStats.org. 
  9. «Current Alaska Native Tribes Population demographics in Washington 2020, 2019 by gender and age». United States Census Bureau and SuburbanStats.org. 
  10. Naske and Slotnick, 1987, p. 18.
  11. "New Light on first peopling of the Americas (summer 2015)," Popular Archaeology,http://popular-archaeology.com/issue/summer-2015/article/new-light-on-first-peopling-of-the-americas, accessed 10 Mar 2017
  12. «National Museum of the American Indian : Yup'ik (Yupik Eskimo) Lamps». Arkivert frå originalen 10. september 2017. Henta 12. juli 2016. 
  13. admin34 (16. mai 2019), «Yup’ik: Alaska's First and Second Language», Language Magazine (på engelsk), henta 1. januar 2024 
  14. "The Inuktitut Language" in Project Naming, the identification of Inuit portrayed in photographic collections at Library and Archives Canada
  15. Ballard, Jan. "In the Steps of Gelelemend: John Henry Killbuck" Arkivert 2007-08-15 ved Wayback Machine., Jacobsburg Record (Publication of the Jacobsburg Historical Society, Nazareth, Pennsylvania), Volume 33, Issue 1 (Winter 2006): 4-5, accessed 6 December 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Barker, James H. (1993). Always Getting Ready — Upterrlainarluta: Yup'ik Eskimo Subsistence in Southwest Alaska. Seattle, Washington: University of Washington Press.
  • Branson, John and Tim Troll, eds. (2006). Our Story: Readings from Southwest Alaska — An Anthology. Anchorage, Alaska: Alaska Natural History Association.
  • Federal Field Committee for Development Planning in Alaska. (1968). Alaska Natives & The Land. Washington, D.C.: U.S. Government Printing Office.
  • Campbell, Lyle. (1997). American Indian languages: The historical linguistics of Native America. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-509427-1.
  • Fienup-Riordan, Ann. (1983). The Nelson Island Eskimo: Social Structure and Ritual Distribution. Anchorage, Alaska: Alaska Pacific University Press.
  • Fienup-Riordan, Ann. (1990). Eskimo Essays: Yup'ik Lives and How We See Them. New Brunswick, New Jersey: Rutgers University Press.
  • Fienup-Riordan, Ann. (1991). The Real People and the Children of Thunder: The Yup'ik Eskimo Encounter With Moravian Missionaries John and Edith Kilbuck. Norman, Oklahoma: University of Oklahoma Press.
  • Fienup-Riordan, Ann. (1994). Boundaries and Passages: Rule and Ritual in Yup'ik Eskimo Oral Tradition. Norman, Oklahoma: University of Oklahoma Press.
  • Fienup-Riordan, Ann. (1996). The Living Tradition of Yup'ik Masks: Agayuliyararput (Our Way of Making Prayer). Seattle, Washington: University of Washington Press.
  • Fienup-Riordan, Ann. (2000). Hunting Tradition in a Changing World: Yup'ik Lives in Alaska Today. New Brunswick, New Jersey: Rutgers University Press.
  • Fienup-Riordan, Ann. (2001). What's in a Name? Becoming a Real Person in a Yup'ik Community. University of Nebraska Press.
  • Jacobson, Steven A., compiler. (1984). Yup'ik Eskimo Dictionary. Fairbanks, Alaska: Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks.
  • Jacobson, Steven A. "Central Yup’ik and the Schools: A Handbook for Teachers". Juneau: Alaska Native Language Center, 1984.
  • Kizzia, Tom. (1991). The Wake of the Unseen Object: Among the Native Cultures of Bush Alaska. New York: Henry Holt and Company.
  • MacLean, Edna Ahgeak. “Culture and Change for Iñupiat and Yupiks of Alaska.” 2004. Alaska. 12 Nov 2008
  • Mithun, Marianne. (1999). The languages of Native North America. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-23228-7 (hbk); ISBN 0-521-29875-X.
  • Morgan, Lael, ed. (1979). Alaska's Native People. Alaska Geographic 6(3). Alaska Geographic Society.
  • Naske, Claus-M. og Herman E. Slotnick. (1987). Alaska: A History of the 49th State, 2. utg. Norman, Oklahoma: University of Oklahoma Press.
  • Oswalt, Wendell H. (1967). Alaskan Eskimos. Scranton, Pennsylvania: Chandler Publishing Company.
  • Oswalt, Wendell H. (1990). Bashful No Longer: An Alaskan Eskimo Ethnohistory, 1778–1988. Norman, Oklahoma: University of Oklahoma Press.
  • Pete, Mary. (1993). "Coming to Terms." I Barker, 1993, s. 8–10.
  • Reed, Irene, et al. Yup’ik Eskimo Grammar. Alaska: University of Alaska, 1977.
  • De Reuse, Willem J. (1994). Siberian Yupik Eskimo: The language and its contacts with Chukchi. Studies in indigenous languages of the Americas. Salt Lake City: University of Utah Press. ISBN 0-87480-397-7.