Yuval Ne'eman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yuval Ne'eman
Yuval neeman.jpg
Fødd14. mai 1925
Tel Aviv
Død26. april 2006
Tel Aviv
NasjonalitetIsrael
Yrkefysikar, politikar, pedagog, universitetslærar, kjernefysiker, offiser
InstitusjonarUniversitetet i Tel Aviv
Alma materTechnion
MedlemNational Academy of Sciences
Israel Academy of Sciences and Humanities
American Academy of Arts and Sciences

Yuval Ne'eman (14. mai 192526. april 2006) var ein israelsk fysikar. Han vart først utdanna som maskiningeniør, og vart frå 1955 til 1957 oberst i den israelske etterretningstenesta. Frå 1958 til 1960 var han militærattaché i London og studerte deretter elementærpartikkelfysikk. I 1961 sette han fram om lag samstundes med M. Gell-Mann, uavhengig av kvarandre, ein teori, den såkalla oktettmodellen. Denne skildra symmetrieigenskapane til elementærpartiklane. I 1962 vart han professor ved universitetet i Tel Aviv og frå 1961 til 1963 var han vitskapleg direktør ved laboratoria for kjernefysisk energi i Rehovoth. I 1968 vart han òg professor ved University of Texas i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]