Yvonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yvonne Arnaud.

Yvonne er eit fransk kvinnenamn som også kan stavast Ivonne. Yvonne har norsk namnedag den 8. august og svensk den 29. mai.

Namnet er danna som ei kvinneleg kjæleform av mannsnamna Yvon eller Yves. Desse er franske former av Ivo, som kjem frå gammalhøgtysk íwa, 'barlind, boge'. Yvette er eit nærskyld namn danna på same måte. Namnet er kjend som Ivona eller Iwona i slaviske område, og tidvis som Evonne på engelsk.

Namnet er utbreidd i Sverige, der 36 591 kvinner (0,8 %) heitte Yvonne i 2006, og Belgia, der 20 184 kvinner (0,4 %) hadde namnet i 2002.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]