Yvonne Murray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yvonne Murray
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 4. oktober 1964 (59 år)
Musselburgh
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 1994

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Yvonne Carole Grace Murray (fødd 4. oktober 1964) er ein britisk-skotsk tidlegare langdistanseløpar frå Musselburgh som vart europameister på 3 000 meter i 1990, og elles vann bronsen på distansen i EM 1986 og Sommar-OL 1988, samt sølvmedaljen ved EM 1994.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Murray kom i 1986 på tredjeplass på 3 000 meter ved samveldeleikane i Edinburgh, seinare på sommaren tok ho same pallplassen på distansen under europameisterskapen i Stuttgart. Vinteren 1987 sigra ho på spesialdistansen i hall-EM i franske Liévin. Under dei olympiske sommarleikane 1988 sprang Murray sitt livs beste 3 000 meter, ho sette personleg rekord med 8.29,0 og vann endå ei bronsemedalje.

I januar 1990 vart ho nummer to på 3 000 m ved samveldeleikane i Auckland. Eit høgdepunkt i hennar idrettsliv kom då ho i Split lukkast vinne gullmedaljen på 3 000-meteren. Midt i mars 1993 vann Murray 3 000 m ved hall-VM i Toronto. Året etter tok ho sølv på distansen ved EM i Helsinki, klart slått av Sonia O’Sullivan frå Irland. Mindre enn to veker etter europameisterskapen vann Murray 10 000-meteren, på personbeste 31.56,9 då samveldeleikane 1994 fann stad i Victoria i British Columbia.

Murray sine personlege rekordar er elles 4.01,2 på 1500 m, oppnådd i Oslo i 1987, nemnde 8.29,0 på 3 000 m og 14.56,9 på 5 000 m frå London i 1995.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]