Schauspielhaus Zürich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zürcher Schauspielhaus)
Schauspielhaus Zürich fotografert i mars 2007.

Schauspielhaus Zürich (Skodespelhuset Zürich) eller Zürcher Schauspielhaus er eit teater i Zürich i Sveits, rekna som eit av dei viktigaste tyskspråklege teatera i Europa. Teaterbygningen vart reist i 1892.

Etter at nazistane kom til makta i Tyskland og Austerrike i 1933 og la sine restriksjonar på all kunstnarisk verksemd, emigrerte mange skodespelarar, iscenesetjarar og scenografar til den tyskspråklege luten av det nøytrale Sveits, og Schauspielhaus Zürich vart fristaden for mange av dei. Ved hjelp av dei fekk teateret ein stor oppsving, og kunne mellom anna skilte med fleire gode fyrsteoppsettingar av skodespela til den tyske forfattaren Bertolt Brecht. Soleis vart Schauspielhaus Zürich den største og viktigaste av dei tyskspråklege frie scenene fram til slutten av den andre verdskrigen.

Jamvel etter krigen held dette teateret fram med å vere ei leiande tyskspråkleg scene ved å utmerke seg ved fyrsteoppsettingar av skodespel av fleire tyskspråklege forfattarar i verdsklasse, som Max Frisch, Friedrich Dürrenmatt, Carl Zuckmayer, Georges Schehadé, Botho Strauß og Yasmina Reza.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]