Ząbkowice Śląskie
| Ząbkowice Śląskie | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nederschlesiske voivodskap | ||
| Høgd | 280 m | ||
| Areal | 1 367 km² | ||
| Folketal | 14 578 (31. mars 2021)[1] | ||
| Grunnlagd | 1200-talet | ||
| Postnummer | 57-200 til 57-201 | ||
| Bilnummer | DZA | ||
![]() Ząbkowice Śląskie 50°35′23″N 16°48′45″E / 50.58969°N 16.81239°E | |||
| Wikimedia Commons: Ząbkowice Śląskie | |||
Ząbkowice Śląskie (tysk Frankenstein) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen. Han er sete i Ząbkowice Śląskie fylke og Gmina Ząbkowice Śląskie.
Byen ligg om lag 63 km sør for regionshovudstaden Wrocław.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd som Frankenstein tidleg på 1200-talet, etter mongolinvasjonen, og fekk bystatus rundt 1280. Sidan 1336 høyrte han til Böhmen og frå 1742 til Preussen.

Tidleg på 1600-talet vart byen råka av pest og ein tredjedel av innbyggjarane mista livet. Det har vorte spekulert i om hendingar på denne tida kan ha inspirert til soga om Frankenstein.[2]
I 1858 vart han råka av ein bybrann og måtte byggast opp att. Ved dette høvet vart den øvre delen av Det skeive tårnet frå 1400-talet retta opp. Byen var fylkessete frå 1816 til 1945. Etter den andre verdskrigen gjekk byen til Polen (i lag med det meste av Schlesien) og fekk namnet Ząbkowice Śląskie i 1946 etter den tyske folkesetnaden hadde flykta eller vart kasta ut.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ząbkowice Śląskie» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/030210324054-0984692?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 3. oktober 2022; filformat: JSON.
- ↑ Nettside som skildrar hendingane som kan ha inspirert Mary Shelley og romanen hennar.
