Hopp til innhald

Zabrze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zabrze
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Schlesiske voivodskap
Areal 80,4 km²
Folketal 156 935 (31. desember 2021)[1]
Grunnlagd 1200-talet
 •  Byrettar 1922
Postnummer 41-800 til 41-820
Retningsnummer +48 32
Bilnummer SZ
Kart
Zabrze
50°18′00″N 18°47′00″E / 50.3°N 18.783333333333°E / 50.3; 18.783333333333
Wikimedia Commons: Zabrze

Zabrze (tysk Zabrze, 1915–1945 Hindenburg) er ein by sør i Polen med om lag 155 000 innbyggjarar. Zabrze er ein del av Øvre Schlesien storbyområde, det største offisielle storbyområdet i Polen med nesten 3,5 millionar innbyggjarar. Byen er ein del av Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og tidlegare Katowice voivodskap (1975–1998).

Wolności-gata.
Foto: Jan Mehlich

Zabrze vart først nemnd som ein landsby på 1200-talet. Frå seinmellomalderen inviterte dei lokale schlesiske Piast-hertugane tyske nybyggjarar til området, noko som førte til ei germanisering av området. Zabrze gjekk i arv til Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526 og vart annektert av Kongedømet Preussen under dei schlesiske krigane på 1700-talet. Zabrze vart ein viktig by for gruvedrift i Det tyske keisardømet då det vart oppretta i 1871. Staden fekk byrettar i 1922.

Det offisielle namnet til Zabrze vart Hindenburg i 1915 til ære for Generalfeldmarschall Paul von Hindenburg. Dette namnet vart nytta fram til 19. mai 1945. Etter den andre verdskrigen vart byen ein del av Polen igjen og dei gjenverande tyske innbyggjarane vart drive bort som følgje av Potsdamerkonferansen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zabrze