Hopp til innhald

Zacharias Backer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zacharias Backer
Fødd20. oktober 1867
Fredrikstad
Død22. juni 1940 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, trelasthandlar, Konsul i diplomatiet
EktefelleAnna Backer
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1903–1906)
  • stortingsrepresentant (1906–1909)
  • ordførar i Fredrikstad (1920–1922) Sjå dette på Wikidata

Zacharias Backer (20. oktober 186722. juni 1940) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Fredrikstad. Han representerte Fredrikstad og Samlingspartiet i Stortinget 1906-09.

Backer var son til ein trelasthandlar. Etter merkantil utdanning utanlands, byrja han sjølv i trelastnæringa på Wieses bruk i Lisleby. Sidan var han trelastagent til 1892, dreiv samtidig på vegner av faren Fredrikstads tømmerdirektion ei tiårs tid. Desse åra kjøpte han tønnestav i stor stil frå Sverige og Finland, for vidaresal til England og Frankrike. Frå før 1900 var han disponent for Fredrikstad forenede teglverk, eit frima han dreiv i lang tid.

Hausten 1906 vart Backer vald til å representere einmannskrinsen Fredikstad i stortinget. Han var medlem i Jarnbanekomiteen og Komiteen om reguleringa av Mjøsa. I 1908 var han permittert frå 25. mai grunna forretningar. 1909 møtte han ikkje i det heile, ettersom buet hans var under skiftehandsaming. Backer var fleire periodar medlem av bystyret i Frendrikstad, ordførar 1920-22. Som «politisk motstander hørte han til dem som både kunne gi og motta harde hugg uten sure miner eller malplasert fornnærmelse».[1]