Zacharias Melleby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zacharias Melleby
Zacharias Mellebye 2.jpg
Fødd 20. desember 1781
Død

9. november 1854

Yrke bonde, politikar
Zacharias Melleby på Commons

Zacharias Rasmussen Melleby (20. desember 17819. november 1854) var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Skjeberg i Østfold.

Melleby var fødd på garden Utengen i Skjeberg, som far hans dreiv. Sjølv var han soldat i krigen 1807-14. Under kampane på Prestbakke den 10. januar 1808 kjempa han i fremste rekke i den norske styrken. Han stod då i nordre Rakkestad kompani. For sitt utviste mot under kampane vart han etterpå tildelt dannebrog. I 1814 var han kommandersersjant ved akershusiske skarpskyttarregiment.

Våren 1814 var han ein av dei som representerte skarpskyttarregimentet under riksforsamlingaEidsvoll.

Seinare var Melleby gardbrukar på farsgarden Utengen, der han døydde i 1854.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]