Zaqaziq
| الزقازيق | |
|---|---|
| Land Guvernement |
Sharqia |
| Innbyggjarar • By (11. november 2006) |
302 840[1] |
| Koordinatar | 30°34′N 31°30′E / 30.567°N 31.500°E |
| Høgd | 16 m |
| Tidssone | EST (UTC+2) |
Zaqaziq[2] er ein by i Nedre Egypt som ligg aust i Nildeltaet. Byen er hovudstad for Sharqia guvernement, og har rundt 285 100 innbyggjarar (2004).
Zaqaziq ligg ved ei grein av Ismailiakanalen og al-Muˤizz, ein gammal nilkanal. Han er eit kuntepunkt for veg og jernbane, og eit sentrum for korn- og bomullshandel for det fruktbare jordbruksområdet rundt.
I byen ligg Universitetet i Zagaziq, som blei oppretta i 1974, og ei grein av det muslimske Al-Azhar, eitt av dei eldste universiteta i verda.
Byen er fødeplassen til Ahmed Orabi som leidde Orabi-opprøret mot europearane og khedivane i 1882. I Zaqaziq finn ein Orabi-museet tileigna han.
3 kilometer søraust for byen ligg ruinane av Bubastis, ein tidlegare egyptisk hovudstad som var sentrum for kattekulten i landet.
Folk frå Zaqaziq
[endre | endre wikiteksten]- Ahmed Orabi (1841-1911), oberst og opprørsleiar
- Salama Moussa (1887-1958), skribent og tenkjar
- Salah Abdel-Sabour (1931-1981), modernistisk diktar
- John Traicos (f. 1947), cricket-spelar
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.citypopulation.de/Egypt-Cities.html.
- ↑ ar. الزقازيق az-Zaqāzīq; IPA [zaʔaziːʔ] eller [zaɡaziːɡ]. Også skrive Zagazig, Sagasig og Zakazik.
- Denne artikkelen bygger på «Zagazig» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2009.
- «Az Zagazig» i Store norske leksikon, snl.no.
Denne geografiartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
