Zagreb
| Zagreb | |||
| hovudstad | |||
|
|||
| Kallenamn: Beli Zagreb grad ('Den kvite byen Zagreb') | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Zagreb by | ||
| Høgd | 120 m | ||
| Areal | 641,2 km² | ||
| Folketal | 767 131 (31. august 2021) | ||
| Postnummer | 10000 | ||
| Retningsnummer | 01 | ||
| Bilnummer | ZG | ||
![]() Zagreb 45°48′47″N 15°58′38″E / 45.813055555556°N 15.977222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Zagreb | |||
Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. Adminstrativt er Zagreb ein eigen kommune, Grad Zagreb («Byen Zagreb»), men er administrativt styrt på same nivå som fylka. I 2021 hadde kommunen Zagreb eit innbyggjartal på 767 131, medan sjølve byen hadde 663 592 innbyggjarar.[1]
Zagreb ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet. Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekkjer seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriahavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriahavet.
Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.
Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.
Zagreb har ein internasjonal flyplass.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Det finst mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornji Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacictorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.
Gornji Grad
[endre | endre wikiteksten]Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornji Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lotrščak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Zagreb ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som fylka.[2][3] Hovudstaden er så delt inn i ei rekkje distrikt (gradska četvrt, «bydistrikt») med visse lokalstyrte oppgåver, fastlagd i Statuttar for byen Zagreb av 1. april 2001.[4]
Dei mest sentrale av dei 17 distrikta omfattar berre ein del av sjølve byområdet, medan nokre av dei omkringliggjande distrikta òg omfattar ein eller fleire forstader eller busetnader.
| Namn | Folketal 2001[5] | Folketal 2011[6][7] | Folketal 2021[1][7] | Status | |
|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Donji grad | 45 108 | 37 024 | 31 209 | Bydel |
| 2 | Gornji Grad – Medveščak | 36 384 | 30 962 | 26 423 | Bydel |
| 3 | Trnje | 45 267 | 42 282 | 40 539 | Bydel |
| 4 | Maksimir | 49 750 | 48 902 | 47 356 | Bydel |
| 5 | Peščenica – Žitnjak | 58 283 | 56 487 | 53 023 | Bydel og forstad |
| 6 | Novi Zagreb – istok | 65 301 | 59 055 | 55 898 | Bydel og forstad |
| 7 | Novi Zagreb – zapad | 48 981 | 58 103 | 63 917 | Bydel og forstad |
| 8 | Trešnjevka – sjever | 55 358 | 55 425 | 52 974 | Bydel |
| 9 | Trešnjevka – jug | 67 162 | 66 674 | 65 324 | Bydel |
| 10 | Črnomerec | 38 762 | 38 546 | 38 084 | Bydel |
| 11 | Gornja Dubrava | 61 388 | 61 841 | 58 255 | Bydel |
| 12 | Donja Dubrava | 35 944 | 36 363 | 33 537 | Bydel |
| 13 | Stenjevec | 41 257 | 51 390 | 53 862 | Bydel |
| 14 | Podsused – Vrapče | 42 360 | 45 759 | 44 910 | Bydel |
| 15 | Podsljeme | 17 744 | 19 165 | 18 974 | Bydel |
| 16 | Sesvete | 59 212 | 70 009 | 70 800 | Forstad |
| 17 | Brezovica | 10 884 | 12 030 | 12 046 | Forstad |
| Grad Zagreb | 779 145 | 790 017 | 767 131 | ||
Dei største busetnadene i kommunen Zagreb er:
| Distrikt | Folketal 2001[5] | Folketal 2011[6] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|---|
| Zagreb | 691 724 | 688 163 | 663 592 | |
| Sesvete | Sesvete | 44 914 | 54 085 | 55 313 |
| Lučko | Novi Zagreb – zapad | 2 841 | 3 010 | 2 987 |
| Hrvatski Leskovac | Novi Zagreb – zapad | 2 453 | 2 687 | 2 659 |
| Odra | Novi Zagreb – zapad | 1 487 | 1 866 | 2 630 |
| Veliko Polje | Novi Zagreb – istok | 1 104 | 1 668 | 2 122 |
| Kupinečki Kraljevec | Brezovica | 1 718 | 1 957 | 2 015 |
| Ježdovec | Novi Zagreb – zapad | 1 171 | 1 728 | 1 844 |
| Ivanja Reka | Peščenica – Žitnjak | 1 783 | 1 800 | 1 753 |
| Odranski Obrež | Brezovica | 1 406 | 1 578 | 1 503 |
| Kašina | Sesvete | 1 487 | 1 548 | 1 402 |
| Horvati | Brezovica | 1 470 | 1 490 | 1 401 |
| Zadvorsko | Brezovica | 1 160 | 1 288 | 1 260 |
| Hrašće Turopoljsko | Novi Zagreb – zapad | 1 156 | 1 202 | 1 232 |
| Dobrodol | Sesvete | 176 | 1 203 | 1 165 |
| Buzin | Novi Zagreb – istok | 141 | 1 055 | 1 074 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Ban Jelačić torg i sentrum.
- Det kroatiske nasjonalteateret i Zagreb.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Statut Grada Zageba (Statuttar for byen Zagreb)». Službeni glasnik (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 1. april 2001. Henta 8. januar 2025.
- 1 2 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- 1 2 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
- 1 2 «Popis satnovništva, kućantsva i stanova 2021. – Konaćni rezultati grad Zagreb (Teljing av befolkning, hushald og bustader 2021 – Endelege resultat for Byen Zagreb)» (PDF) (på kroatisk). Zagreb kommune. 9. november 2022. Henta 9. mars 2025.


