Zaha Hadid
Zaha Hadid | |
![]() | |
Fødenamn | Zaha Mohammad Hadid زها حديد |
Fødd | 31. oktober 1950 Bagdad |
Død | |
Yrke | arkitekt, designar, universitetslærar, smykkedesigner, kunstnar, bilethoggar, kunstmålar |
Zaha Hadid på Commons |
Zaha Hadid (31. oktober 1950–31. mars 2016)[1] var ein irakisk-britisk arkitekt. I 2004 vart ho den fyrste kvinna som mottok Pritzker-prisen for arkitektar.
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Hadid studerte arkitektur ved Architectural Association School i London under Rem Koolhaas, og arbeidde etter studia fleire år i Koolhaas sitt studio Office for Metropolitan Architecture (OMA). Frå 1979 dreiv ho sin eigen arkitektpraksis i London, Zaha Hadid Architects.
I 1988 arrangerte Philip Johnson ei utstilling på MoMA i New York City som heitte «Deconstructivist Architecture» og presenterte her Zaha Hadid, Frank Gehry, Peter Eisenman, Rem Koolhaas, Daniel Libeskind og Bernard Tschumi som framtidas dekonstruktivistar. Samtlege vart berømte arkitektar, men stilane deira skulle gli langt frå kvarandre.
Mange av arbeida til Hadid har berre eksistert som skissemateriale. Ho vert likevel rekna for å vere ein av dei mest banebrytande blant arkitektane i samtida si. Bygningane hennar er blitt kalla «distinkt nyfuturistiske», og karakterisert av dei «kraftfull, bogande formene i dei langstrekte strukturane hennar,»[2] med «talrike perspektivpunkt og fragmentert geometri som framkallar kaoset i moderne liv.»[3]
Det kom til å dryge ganske lenge innan Hadid fekk nokon større bygning oppført, sjølv etter at ho var eit kjent namn blant arkitektar. Gjennombrotet kom i 1993 med ein brannstasjon i Weil am Rhein, som seinare er vorten eit møbelmuseum for det sveitsiske møbeldesignselskapet Vitra. Bygginga av Phaeno Science Centre i Wolfsburg i Tyskland byrja i 2000 og var ferdig i 2005. Bygningen er eit vitskapshus der barn og vaksne kan utføra vitskaplege eksperiment. Bygningen er opphøgd på kremmarhusliknande strukturar som inneheld entréar, butikkar med meir. Han har inga direkte tilknyting til miljøet rundt seg, men skapar sitt eige landskap ved hjelp av dekonstruktivistiske former. Dei organiske formene og funksjonaliteten til bygningen vert ein felles tråd med innhaldet hans.
Hadid vart også gjesteprofessor ved Universitet for anvendt kunst i Wien (Universität für angewandte Kunst Wien).
I 2012 vart Hadid utnemnd til kommandørdame (DBE) av Den britiske imperieordenen for innsatsen sin for arkitekturfaget.[4][5][6] Ho vart dimed høga opp i riddarstanden, og fekk retten til å føre tiltaleforma dame framfor namnet sitt.
Arkitektur (utval)[endre | endre wikiteksten]
- IBA, bustadhus, Berlin i Tyskland, 1987–1993.
- Vitra brannstasjon, Weil am Rhein, Tyskland, 1991–1993.
- Musikkvideopaviljong, Groningen, Nederland, 1990.
- Landesgartenschau, Weil am Rhein, Tyskland, 1997–1999.
- Rosenthal Center for Contemporary Art, Cincinnati, Ohio, USA, 1999–2000.
- Stasjon og bilparkering Hoenheim-Nord, Strasbourg, Frankrike, 1999–2001.
- Bergisel hoppbakke, Innsbruck, Austerrike, 1999–2002.
- Ordrupgaard museum tilbygg, København, Danmark, 2001–2005.
- BMW-senteret i Leipzig 2005.
- Paviljongbroen som var ein del av Expo 2008
- Sheikh Zayed-brua, Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata, 2010
- Riverside Museum i Glasgow i Skottland, opna 2011.
- Beijing Daxing internasjonale lufthamn, opna i 2019.[7]
Innreiingar og anna[endre | endre wikiteksten]
- Restaurant Moonsoon, Sapporo, Japan, 1990.
- The Great Utopia, utstillingsinnreiing, Guggenheim Museum, New York, 1992.
- Mind Zone, Millennium Dome, London, England, 1999–2000.
- Scenografi for Pet Shop Boys World Tour 1999/2000.
- Scenografi for Charleroi Dance Company, Belgia, 2000.
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- 2003 – Den europeiske unionens pris for samtidsarkitektur
- 2012 – Kommandørdame (DBE) av Den britiske imperieordenen
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Jodidio, Philip (2013): Hadid: Complete Works 1979 - 2013, Taschen; Mul Upd edition
- Binet, Helene; Muller, Lars et al. (2001): Architecture of Zaha Hadid in Photographs by Helene Binet, 1. utg. Lars Müller Publishers, ISBN 3-907078-12-8
- El Croquis, Nummer 52, 73 og 103.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Architect Dame Zaha Hadid dies at 65, John Seabrook: Postscript: Zaha Hadid, 1950-2016, The New Yorker, 31. mars 2016.
- ↑ «New Building Concepts By Zaha Hadid» Arkivert 2015-02-23 ved Wayback Machine., Architect.net
- ↑ «Zaha Hadid (19 June–25 November 2007)». Design Museum.
- ↑ The Queen's Birthday Honours List 2012 Arkivert 2012-09-06 ved Wayback Machine. (PDF), Directgov, 16. juni 2012, s. 7.
- ↑ «No. 56595». The London Gazette (Supplement): 8. 15. juni 2002.
- ↑ «No. 60173». The London Gazette (Supplement): 6. 16. juni 2012.
- ↑ «Klar for 100 millioner passasjerer i året - slik blir verdens største flyplass». Dagbladet.no (på norsk). 6. juli 2017. Henta 7. juli 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Zaha Hadid» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2023.