Hopp til innhald

Zakumi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zakumi

Zakumi var den offisielle maskoten for VM i fotball 2010 som vart arrangert i Sør-Afrika.[1] Maskoten er en antropomorf leopard med grøne gylne fargar. Namnet «Zakumi» kjem frå ZA, som er ISO 3166-1-koden til Sør-Afrika, og kumi, eit ord som tydar ti på mange afrikanske språk, slik at det til saman syner til Sør-Afrika 2010.[2]

Zakumi blei gjeven fødselsdatoen 16. juni 1994. Datoen i juni er den offisielle høgtidsdagen for ungdommar i Sør-Afrika, og markerer dagen for Soweto-opprøret. Fødselsåret er året apartheid ende i Sør-Afrika.[3]

Dei grøne og gule fargane i karakteren matchar fargane som er brukt i dei sørafrikanske sportsdraktene,[4] så vel som i fotballdraktene til det sørafrikanske landslaget i fotball.

Det offisielle mottoet til Zakumi er: «Zakumi's game is Fair Play».[5]

  1. «Briefs | Leopard named Zakumi is 2010 World Cup mascot». The Seattle Times (på engelsk). 23. september 2008. Henta 12. april 2023.
  2. «Zakumi - a Mascot with attitude». FIFA.com. Arkivert frå originalen 21. april 2010. Henta 11. juli 2010.
  3. «Leopard takes World Cup spotlight» (på engelsk). 22. september 2008.
  4. «National federation colours». South African Sports Confederation and Olympic Committee. Henta 1. november 2015.
  5. «Meet Zakumi, the face of 2010». IOL. 22 September 2008. Henta 23. september 2008.