Zakuski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zakuski

Zakuski (frå russisk fleirtal закуски zɐˈkuskʲɪ; eintal zakuska, закуска; polsk zakąski, zakąska; ukrainsk закуска, закуски zɐˈkuskɪ) er eit koldtbordmåltid frå russisk matkultur og andre slaviskspråklege land.[1][2] Det kan vera sin eigne rett eller som følgje til vodkashot eller liknande.[3] Ordet betyr bokstaveleg 'nokoå bita etter'.[4] Det stammar truleg frå ei blanding av slaviske, viking-nordiske og orientale kulturar i Kievriket og liknande, som Novgorod-republikken.[5][6][7]

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonen med zakuski er knytt til svensk og finsk brännvinsbord, som også var opphavet til moderne smörgåsbord eller koldtbord,[2] og til meze frå Det osmanske riket og andre kulturar frå Midtausten.[8] Til forskjell frå skandinaviske koldtbord blir ikkje zakuski servert som buffet, men på spiesbordet. Zakuski kan både vera ein forrett og eit måltid i seg sjølv. Russiske adelege kunne ha zakuski klar i husa sine til langvegsfarande besøkande som ofte kunne dukka opp uventa.[1] Ved festar og bankettar blei det ofte servert zakuski i eit eige rom ved sida av spisesalen, eller på eit eige bord i spisesalen. Tradisjonen spreidde seg etterkvart til andre lag av samfunnet og heldt fram i sovjettida. Då blei det vanleg å servera måltidet på spisebordet ettersom ein ikkje hadde andre stader å servera det på. Zakuski blei dermed fyrsteretten i ein festmiddag.[2]

I dag kan ein servera zakuski ved bankettar, middagsselskap, festar og liknande i land som tidlegare var del av Tsar-Russland.[1][9]

Typiske zakuskirettar kan vera kaldt, preservert kjøt og fisk, salatretter, kholodets, pirogar eller pirozjki, ulike sylta grønsaker som tomat, raudbete, agurk, sauerkraut, sopp, deviled egg, ost, kaviar, kanapéar, smørbrød og anna brød.[2][10]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Zakuski». Culture and Customs of Russia. Greenwood Publishing Group. 2000. ISBN 9780313311017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Alan Davidson (2014). «Zakuski». The Oxford Companion to Food. Oxford: Oxford University Press. s. 889–890. ISBN 9780191040726. 
  3. Encyclopaedia of Contemporary Russian
  4. Закуска. С.И. Ожегов, Н.Ю. Шведова. Толковый словарь русского языка. 1949-1992.
  5. Sharon, Hudgins (15. mai 2018). T-bone whacks and caviar snacks : cooking with two Texans in Siberia and the Russian Far East. Hudgins, Tom. Denton, Texas. s. 18. ISBN 9781574417227. OCLC 1035845794. 
  6. «Food». Henta 7. november 2018. 
  7. Oliviu, Felecan (2013). Onomastics in Contemporary Public Space. Bughesiu, Alina. Newcastle upon Tyne: Cambridge Scholars Publishing. s. 340. ISBN 9781443852173. OCLC 861081474. 
  8. A., Wright, Clifford (2003). Little foods of the Mediterranean : 500 fabulous recipes for antipasti, tapas, hors d'oeuvre, meze, and more. Boston, MA: Harvard Common Press. ISBN 1558322272. OCLC 52514404. 
  9. Procner, Aleksandra (1999). Technologia gastronomiczna z towaroznawstwem [Gastronomic technology with commodity-knowledge] (på polsk). Warszawa: WSiP. ISBN 83-02-02789-8. 
  10. JOC All New Rev. - 1997 - Irma S. Rombauer, Marion Rombauer Becker

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]