Zaleilah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Zaleilah»
Mandinga First Rehearsal.jpg
Eurovision Song Contest 2012
Land Romania
Artist(ar) Mandinga
Språk Spansk og engelsk
Komponist(ar) Costi Ioniţă
Låtskrivar(ar) Ionescu Elena og Secada Dihigo Omar
Resultat
Semifinalepoeng 120
Semifinaleplass 3
Finalepoeng 71
Finaleplass 12
Romania i Eurovision Song Contest
«Change»
(2011)
«Zaleilah» «It's My Life»
(2013)

«Zaleilah» var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framført av Mandinga. Songen er med på det femte studioalbumet til Mandinga, Club de Mandinga. Teksten er skriven på spansk og engelsk.

Selecţia Naţională 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen vann den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 med 22 poeng og fekk dimed representere Romania.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer seks i den fyrste semifinalen, etter Albania med «Suus» av Rona Nishliu og før Sveits med «Unbreakable» av Sinplus. «Zaleilah» gjekk vidare til finalen. Til slutt enda han på ein tolvteplass med 71 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]