Zalman Schachter-Shalomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zalman Schachter-Shalomi

Statsborgarskap USA
Fødd 28. august 1924
Zjovkva
Død

3. juli 2014 (89 år)
Boulder

Yrke rabbinar, universitetslærar
Religion Jødedommen
Zalman Schachter-Shalomi på Commons

Zalman Schachter-Shalomi (fødd 28. august 1924) er ein askenasisk rabbinar med bakgrunn i Chabad-ḥasidismen som først og fremst er kjend som grunnleggjar av og hovudperson bak Jewish Renewal-rørsla.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Polen i 1924 og voks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Chabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.

Den varierte bakgrunnen åt Schachter-Shalomi inkluderer bruk av psykedeliske stoff med Timothy Leary, psykologistudium ved Boston University med Howard Thurmann som rettleiar, undervisning av mange studentar som er aktive jødiske feministar og hans eiga tru på gaiahypotesen. Fornyingane hans i jødisk gudsteneste (ikkje avgrensa til Jewish Renewal-rørsla) inkluderer song av bøner på engelsk til melodi av den tilhøyrande hebraiske kantillasjonen; involvering av forsamlinga i teologisk dialog, leiing av meditasjon under gudstenestene og innføring av spontan rørsle og dans.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Undervisning[endre | endre wikiteksten]

Schachter-Shalomi har m.a. undervist ved Reconstructionist Rabbinical College, Omega, NICABM og fleire andre større institusjonar. Han er professor emeritus ved Temple University i Philadelphia i Pennsylvania og World Wisdom Chair ved The Naropa Institute. Som grunnleggjar av ALEPH: Alliance for Jewish Renewal og ALEPH Ordination Program spelar han ein sentral rolle i Jewish Renewal-rørsla og presenterer der den sentrale læra frå ḥasidisme og Kabbalá i på eit samtidig, tilgjengeleg og hjarteleg vis som har ført med seg ei praksisbasert opptaking av slike ein gong skydde element i reformjødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og konservativ jødedom. Han har skrive over 150 artiklar, bøker og monografiar om jødisk andeleg liv (sjå [1] Arkivert 2005-08-29 ved Wayback Machine. og [2] Arkivert 2005-07-12 ved Wayback Machine.) og ordinert over 80 rabbinarar og ḥazzaním (kantorar) som fungerer som forrettarar og lærarar i alle retningar av jødedommen.

Schachter-Shalomi oppmuntrar til mangfald blant studentane sine og insisterer på at dei bør integrere talenta sine, visjonane, syna og dei sosiale verdiane sine i det djupe studiet av og utøvinga av jødedommen. Denne [empowering] tilnaærminga har ført med seg ein eksplosjon av jødisk rituell kunst, ny jødisk musikk og nyskapande/nye jødiske ritual — og til at han sjølv har endra ståstad til [empowering] og inkludering av kvinner i jødiske roller som framleis er utelukkande reserverte for menn i mesta alle former av ortodoks jødedom. Rettferdsarbeidet hans har vore viktig i prosessen med å inkludere homofile i jødiske bryllaupsritual og ordineringsprogram. Han tilbyd òg ein utfyllande hermeneutikk til klassiske tilnærmingar til halakhá (jødisk religiøs lov) som han kallar psykohalakhá. Ein underkategori av psykohalakháen er prinsippa og praksisen for økokasjrút.

Arbeidet hans Spiritual Intimacy, resultatet av studia hans av det andelege rettleiingssystemet i Chabad-rørsla som førte til ein Ph.D.-grad ved Hebrew Union College, førte til at han oppmuntra studentane sine til eit breitt studium innanfor området andeleg rettleiing og å fornye eksisterande, samtidige system med målet å fornye ei sunn andelegheit og eit sunt gudssamband i jødisk liv. Han har òg vore ein foregangsmann på området «andeleg aldring» — ein praksis der han arbeider med andre eldre med å hjelpe dei å takle aldringa på andeleg vis og å verke som rettleiarar for yngre vaksne.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Schachter-Shalomi har produsert eit stort tal artiklar, bøker og lydkassettar. Den homiletiske stilen hans er prega av frie assosiasjonar, eit typisk trekk for rabbinarar med ḥasidisk utdanning, og den hyppige bruken hans av psykologisk terminologi og datametaforar blir sette pris på av dei fleste som les skriftene hans for første gong. Utgjevingane hans inkluderer dei andelege praksishandbøkene Jewish with Feeling: a guide to Meaningful Jewish Practice (skriven saman med Joel Segel), The First Step (med Donald Gropman, 1983) og Gate to the Heart (1993).

Schachter-Shalomi si utvikling frå tradisjonell Chabad-filosofi til Jewish Renewal kan sjåast i samlingane hans av essay og førelesningar, Paradigm Shift (red. Ellen Singer, 1993) og Wrapped in a Holy Flame (red. Nataniel Miles-Yepez, 2003). From Age-ing to Sage-ing (med Ronald Miller, 1995) gjev eit grunnriss av arbeidet hans med «andeleg aldring». Spiritual Intimacy er verket hans om ḥasidiske andelege rettleiingsteknikkar, og The Dream Assembly er ei samling av historier han har skrive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]