Zams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zams

Zams er ein kommune i Oberinntal i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 125 km² og har 3 400 ibuarar. Landsbyen Zams ligg 770 meter over havet i dalføret Inntal, nær der elvane Inn og Sanna møtest. Kommunen grensar opp mot dei nordlege Kalk-Alpane og dei såkalla Sentral-Alpene. Zams har lite nedbør og er lite utsett for kjølege vindar.

Zams er frå gammalt eit trafikalt knutepunkt. Vegane til og frå Vinschgau, Engadin, Bayern og Bodensjø-området passerer staden.

Folket Zams lever av ulike næringar; både turisme, industri, handverk, handel og andre tenesteytande næringar. Jordbruk er stort sett binæring.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Under ein brann i 1911 brende halvparten av landsbyen og kyrkja ned, kyrkjetårnet stod uskadd. Den nye kyrkja vart bygt 50 meter unna den gamle, og det frittståande kyrkjetårnet er i dag det fremste kjennemerket for Zams.

Skirennaren Mario Matt er frå Zams.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]