Zaniar Matapour
Zaniar Matapour | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. juni 1979 (46 år) Sanandaj |
Yrke | Islamist |
Språk | norsk |
Religion | Islam |
Straff | ubetinget fengsel |
Kriminell status | Dømd for grov terror[1] |
Zaniar Matapour på Commons |
Zaniar Matapour (fødd 27. juni 1979) er ein norsk-iransk mann dømd for terror etter han den 25. juni 2022 skaut inne på puben Per på hjørnet i Oslo. To menn vart drepne og 21 skada.[2][3]
Han er den fyrste i Noreg som vart dømd til 30 års forvaring.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Zaniar Matapour kom som flyktning frå Iran til Noreg i 1991, etter at familien hadde vore to år i Pakistan. Dei busette seg i Bergen og flytta seinare til Oslo. Matapour har lenge slite med psykiske vanskar, og har vorte diagnostisert med diagnosen paranoid schizofreni.[4]
Zaniar Matapour vart dømd for knivstikking i 1999, men seinare frifunnen på fleire punkt. Seinare vart han dømt for lagring av 100 gram kokain, sikta for å ha avfyrt skot i Oslo og dømt for å ha gått med ein kniv på ein offentleg stad.[2] Han har vore i søkjelyset til PST sidan 2015, og har hatt fleire samtalar med Politiets tryggingsteneste. Desse samtalane vert gjennomførte med personar som står i fare for å verta radikalisert. Den siste samtalen var berre nokre veker før skytinga i Oslo
Matapour har vore i kontakt med Arfan Bhatti, ein tidlegare dømd islamistisk ekstremist. Våren 2022 vart Zaniar Matapour saman med Bhatti stansa i ein bil i forbinding med ein SIAN-demonstrasjon.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Emilie Waaler; Hedda Kurseth; Martin H. W. Zondag; Celina Ekholt; Olav Døvik & Emrah Senel. «Historisk dom: Matapour dømmes til 30 års forvaring» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. juni 2025.
- ↑ 2,0 2,1 Holm-Nilsen, Sverre (25. juni 2022), «Zaniar Matapour (42) er terrorsiktet etter skytingen i Oslo», NRK (på norsk bokmål), henta 28. juni 2022
- ↑ «Bhatti på Facebook: «Udyr»». Dagbladet (på norsk). 27. juni 2022. Henta 29. juni 2022. «43 år gamle Zaniar Matapour er siktet for drap, drapsforsøk og terror etter å ha skutt rundt seg i Rosenkrantz' gate i Oslo natt til lørdag. Kåre Hesvik (60) og Jon Erik Isachsen (54) ble drept, og 21 personer ble skadd.»
- ↑ Hatlo, Torgeir P. Krokfjord, Jesper Nordahl Finsveen, Siri Åbø Wiersen, Madeleine (25. juni 2022), «Historien om Zaniar Matapour (42)», dagbladet.no (på norsk), henta 28. juni 2022
- ↑ «Opplysninger til VG: Oslo-skytter stoppet i bil sammen med Arfan Bhatti», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 28. juni 2022