Zanzibar av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zanzibar
Song av Billy Joel
frå albumet 52nd Street
Utgjeve 13. oktober 1978
Innspelt A&R Recording, Inc., 799 7th Avenue at 52nd Street, New York City; 1978
Sjanger Rock, jazz
Lengd 5:13
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone

«Zanzibar» er ein song skriven av Billy Joel for albumet 52nd Street i 1978. Songen finst òg på fleire konsertalbum. Songen er kjend for ein trompetsolo av den kjende jazzartisten Freddie Hubbard.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Temaet i teksten på «Zanzibar» er kjærleik for idrett, alkohol og songaren som prøver å flørte med ei servitrise.[1][2] Ifølgje produsenten Phil Ramone hadde Joel skrive musikken og funne ut at han likte tittelen «Zanzibar» for stykket, men ikkje funne ut kva han ville sei om Zanzibar.[2] Ramone fekk bilete av folk som såg på sport i ein bar, og Joel valde å skrive ein song om hendingar i ein bar kalla Zanzibar.[1] Teksten refererer til personar som boksaren Muhammad Ali, baseballspelaren Pete Rose og vinnaren på den tida av baseball-turneringa World Series, New York Yankees.[1][3]

Songen byrjar langsamt, men glir så over i ein shuffle-rytme.[3] Han inneheld to jazztrompetsoloar av den legendariske trompetisten Freddie Hubbard.[3] Allmusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine reknar melodien i «Zanzibar» som ei hyllest til Donald Fagen frå Steely Dan.[4]

«Zanzibar» er ofte blitt spelt på konsertane til Joel, og konsertopptak finst på 12 Gardens Live frå 2006 og Live at Shea Stadium: The Concert frå 2008.[5]

«Zanzibar» finst òg på samlealbumet My Lives.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bordowitz, H. (2006). Billy Joel: The Life & Times of an Angry Young Man. Random House. s. 66, 104–105. ISBN 9780823082483. 
  2. 2,0 2,1 Ramone, P. & Granata, C.L. (2007). Making Records: The Scenes Behind the Music. Hyperion. s. 37. ISBN 9780786868599. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Bielen, K. (2011). The Words and Music of Billy Joel. ABC-CLIO. s. 49–50. ISBN 9780313380167. 
  4. Erlewine, S.T. «52nd Street». Allmusic. Henta 29. august 2014. 
  5. 5,0 5,1 «Zanzibar». Allmusic. Henta 29. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]