Zaovinesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zaovinesjøen
innsjø
none  Panoramabilete
Panoramabilete
Område Tarafjellet i Zlatibor
tilsig Beli Rzav
utløp Beli Rzav
Høgd over havet 892 moh moh
Middeldjupne 80 m m
Volum 15 hm³ km³
Areal 15 km² km²
Byar Zaovine

Zaovinesjøen (serbisk Заовинско језеро eller Zaovinsko jezero) er ein kunstig innsjø vest i Serbia i Tarafjellet. Han vart skapt i elva Beli Rzav som eit reservoar for vasskraftverket Bajina Bašta II.

Zaovine ligg på sørsida av Tarafjellet i retning mot fjellet Zvijezda, som markerer grensa mellom Serbia og Bosnia-Hercegovina. Han strekkjer seg mellom landsbyane Zaovine i sørvest og Mitrovac, ein stor turiststad i Tara, i nordaust.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Zaovine vart skapt 1981-1983 då Beli Rzav vart demd opp av ei 125 meter høg demning. [1] Han er knytt til elva Drina.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen dekkjer eit område på 15 km² og har fem greiner. I periodar med høg vassføring i Drina, vert det pumpa vatn frå Drina og inni Zavoine gjennom ein 8 km lang røyrleidning. Når det motsette er tilfelle, vert vatn pumpa tilbake til Drina, og det vert produsert straum av turbinar langs røyrleidninga.[2]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Heile innsjøen høyrer til Tara nasjonalpark, ein av fem i Serbia. Han er omgjeve av store skogar. Det var her den endemiske serbiske grana i 1875. Det finst over 600 planteartar rundt innsjøen og 15 av desse er lovmessig verna, mellom anna den serbiske grana og edelveis. Av dyreliv finn ein gemse og 14 fiskeartar, mellom andre regnbogeaure, årbuk og donaumort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jovan Đ. Marković (1990). Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije. Svjetlost. ISBN 8601026516.  Den ukjende parameteren |språk= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |stad= vart ignorert (hjelp)
  2. Protection of natural values of Tara NP