Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen
«Zaporogkosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen» (russisk Запорожцы пишут письмо турецкому султану) er eit historiemåleri av den ukrainsk-russiske kunstnaren Ilja Repin, utført 1880–1891. Det vert teke vare på i Det russiske museet i Sankt Petersburg.

Måleriet skildrar korleis atamanen eller leiaren til dei ukrainske zaporogkosakkane, Ivan Serko, i 1676 skriv eit brev til den tyrkiske sultanen Mehmet IV, som svar på kravet om at kosakkane skulle underkasta seg Det osmanske riket. Originalbrevet finst ikkje lenger, men frå avskrifter veit ein at det var hånleg og særleg gjorde narr av den lange titulaturen til sultanen.
Kosakkane, som var dugelege ryttarar og krigarar, er framstelt i tradisjonell klednad med ridestøvlar, kaftanar, papakhi (kosakkluer), lange bartar og khokhol-frisyre (oseledets).
Ei uferdig andreutgåve
[endre | endre wikiteksten]
Allereie medan han arbeidde på forbetringar på det originale måleriet, byrja Repin i 1889 på ein ny versjon. Andreutgåva var meint å vera meir historisk autentisk, men vart aldri heilt ferdig. Dette måleriet vert teke vare på på Kunstmuseet i Kharkiv, dit det kom frå det historiske museet i Kharkiv i 1935.
Brevet
[endre | endre wikiteksten]Dei verna avskriftene av brevet som dannar bakgrunn for motivet, kan naturlegvis avvika frå originalen. Kostomarovs versjon i norsk omsetjing vert slik:
- Den tyrkiske sultanens brev:
- Eg, sultanen, son hans Mohammed, bror åt sola og månen, barnebarn av Gud og Hans guvernør, eigar av alle kongerika: det Makedoniske, det Babelske, det Jerusalemske, av det Store og Litle Egypt; konge over alle kongar, herskar over alle (herskarar) som finst; ein underleg riddar, som aldri slagen var; fast verje av Jesu Kristi kiste; sjølve Gud sin vaktmann; muslimanes håp og trøst; skam (?) og den store beskyttar av dei kristne - beordrar dokker, zaporogkosakkar, overgje dokker friviljug og utan motstand til meg, og ikkje la meg meir bekymre med krigsferdene dokkers.
- Zaporogkosakkane til den tyrkiske sultanen:
- Du, din tyrkiske djevel, den forbanna faens bror og kamerat, og sekretæren hans Lucifer! Kvi kallar du deg ein jævla riddar for? Djevelen drit, medan du og heile hæren din et det. Du vil ikkje duge til å ha kristne søner under deg; me er ikkje redd av hæren din, (og) vil kjempe mot deg med jord og med vatn. Din babelske kokk, makedonske hjulmakar, jerusalemske ølbryggar, aleksandriske hyrding, Store- og Litle-Egyptens grisegjetar, armensk svin, tatarsk kogger, bøddelen frå Kaminets, kjeltringen frå Podolia, sjølve Aspids barnebarn, og heile verdas og underverdas klovn, og vår Guds dåre, svinetryne, hesterævva, slaktarens bikkje, den udøpte panna, ta faen mora di!
- Slik har kosakkane svara deg, din stygging, som er avskyeleg for (Jesu) Mor av dei trufaste kristne. Me veit ikkje om (dagens) dato, ettersom me ikkje har kalender; månaden (=månen) ser man i himmelen, og året ser man i boka, og dato i dag er vel den same her som hjå dokker, kyss oss i rævva!
Utkast og detaljar
[endre | endre wikiteksten]-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1878
-
Skisse frå 1880 (56 × 31 cm)
-
Skisse frå 1884. (49 × 41,5 cm)
-
Skisse frå 1889. (68,5 × 82 cm)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zaporogkosakker skriver brev til den tyrkiske sultan» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2018.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Dick Harrison, 24 oktober 2011: Vad skriv egentligen kosackerna?, Historieblogg, Svenska Dagbladet, lese 24. oktober 2011.
- Peredvizjniki – banbrytare i ryskt måleri: Ilja Repin, Zaporogkosacker skriv brev till den turkiske sultanen, 1880-91, Nationalmuseum, lest 24. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The Cossack Letter
- Friedman, Victor A. (1978), «The Zaporozhian Letter to the Turkish Sultan: Historical Commentary and Linguistic Analysis» (PDF), Slavica Hierosolymitana (Magnes Press) 2: 25–38. A detailed analysis of the letter and its different variants.
- Reply of the Zaporozhian Cossacks Arkivert 2007-07-08 ved Wayback Machine.. Outstanding Paintings. St. Peterburg, 1966. s. 271 (russisk)