Hopp til innhald

Zarajsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zarajsk
Зарайск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Areal 20,5 km²
Folketal 20 383 (2024)
Først nemnt i 1146
   Bystatus 1778
Postnummer 140600
Retningsnummer +7 49666
Bilnummer 50
Kart
Zarajsk
54°45′55″N 38°53′01″E / 54.765277777778°N 38.883611111111°E / 54.765277777778; 38.883611111111
Wikimedia Commons: Zaraysk

Zarajsk (russisk Зара́йск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre breidda av elva Osiotr, ei sideelv til Oka, rundt 100 km sør for Moskva.

Zarajsk oppstod på 1100-talet som landsbyen Krasnoje og er ein av dei eldste byane i Moskva oblast. Landsbyen høyrte på denne tida til fyrstane i Rjazan. I 1237 vart landsbyen øydelagd av troppane til Batu Khan. Han vart gjenoppbygd på 1300-talet under namnet Novogorodok. Frå 1528 og framover vart han kalla Nikola Zarazskijs by og det var ikkje før først på 1600-talet at han fekk det noverande namnet Zarajsk. Før 1900-talet var byen ein del av Rjazan gubernija og arkitekturen og dialekten i byen verkar å ligge nærare Rjazan enn til Moskva.

Kremlmur i Zarajsk.

Under Storfyrstedømet Moskva var Zarajsk ei av festningane som danna Zasetsjnaja tsjerta, ei festningslinje av felte tre, barrikadar, festningar og grøfter, som vart bygt av russarane som vern mot hordane av Krim- og Kazan-tatarar. I 1531 vart det bygt ein kreml i stein i staden for den tidlegare trefestninga. Tatarane klarte ikkje å ta festninga under sine raid i 1533, 1541 og 1570.

Zarajsk sitt kalksteinskreml står framleis og er ganske godt vedlikehalde. Borga er lita og har ein rektangulær fasong, med berre seks tårn, to av dei ved portane. Av dei fem kyrkjene i Zarajsk er den eldste St. Nikolaskatedralen, innvigd i 1681.

I dag er Zarajsk eit industrisenter i distriktet, med verksemder innan polygrafi, byggematerial, matvarer og fottøy.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zarajsk