Zavodovski Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 56°18′S 27°34′W
Zavodovski Island
øy
Zavodovski Island ISS016.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Koordinatar 56°18′S 27°34′W
Høgaste punkt
 - høgd 551 moh
Øygruppe Sør-Sandwichøyane
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 2012
Zavodovski Island is located in Antarktis
Zavodovski Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Zavodovski Island

Zavodovski Island er ei aude vulkansk øy i Traversay Islands i Sør-Sandwichøyane. Ho ligg 350 km søraust for Sør-Georgia. Ho er den nordlegaste av Sør-Sandwichøyane og den som ligg nærast Sør-Georgia.

Zavodovski Island vart oppdaga og namngjeven av den russiske oppdagaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen på julaftan 1819. Bellingshausen kalla ho opp etter løytnant Ivan Zavodovski, som var kaptein på skipet «Vostok».[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sør-Sandwichøyane

Øya er kring 5 km lang og det høgaste punktet er 551 meter over havet. Stratovulkanen Mount Asphyxia dominerer vestsida av øya, medan austhalvdelen er ei lågtliggande lavaslette. Det vart oppdaga fersk lava frå Mount Asphyxia og fleire indikasjonar syner at han har vore aktiv sidan den gong. Kring 50 % av øya består av tefra. Eit vulkanutbrot vart oppdaga på øya 2. mai 2012, men storleiken av utbrotet er ikkje kjend.[2]

Det finst kring ein million par hekkande ringpingvinar på øya, noko som er ein av dei største pingvinkoloniane i verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]