Zavojsjøen

Koordinatar: 43°16′N 22°38′E / 43.267°N 22.633°E / 43.267; 22.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zavoj
Zavojsko jezero
innsjø
Zavoj
Land  Serbia
Innsjøtype Reservoar
Tilsig Visočica
Utløp Visočica
Nedslagsfelt 584 km²
Høgd over havet 612 moh.
Lengd 16,35 km
Areal 5,53 km²
Volum 170 millionar m³
Kystlengd1 40 km
Koordinatar 43°16′N 22°38′E / 43.267°N 22.633°E / 43.267; 22.633
Øyar ingen
Byar Novi Zavoj, Velika Lukanja, Pakleštica
Kart
Zavojsjøen
43°16′00″N 22°38′00″E / 43.266666666667°N 22.633333333333°E / 43.266666666667; 22.633333333333
Wikimedia Commons: Zavoj Lake
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Zavojsjøen (serbisk Завојско језеро, Zavojsko jezero) er ein kunstig innsjø aust i Serbia langs elva Visočica. Han vart skapt i 1963 etter at eit stort jordras demde opp elva og den naturlege demninga seinare vart erstatta forsterka.

Zavoj ligg aust i Serbia og nord i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria. Innsjøen er ein del av elva Visočica og ligg mellom Balkanfjella i nord og Vidlič i sør. Han ligg 16 km nord for by en Pirot, og nær staden der Visočica munnar ut i Temštica.

Historie[endre | endre wikiteksten]

25. februar 1963 [1] raste eit stort jordras ned i dalen til Visočica og blokkerte elva med ein jorddemning som var 500 meter lang og 50 meter høg. Eit reservoar vart skapt bak dammen og landsbyen Zavoj vart lagt under vatn. Hendinga vart utnytta og den naturlege denminga vart forsterka. Reservoaret vart nytta for å produsere straum i vasskraftverket Zavoj. Landsbyen Novi Zavoj vart bygd opp att høgare oppe.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dr Stevan M. Stanković (1991). Jezera sveta (på serbokroatisk). Belgrade: Stručna knjiga. ISBN 86-419-0074-8. 
  2. Jovan Đ. Marković (1990). Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije (på serbokroatisk). Sarajevo: Svjetlost. ISBN 8601026516. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Zavojsjøen