Zbigniew Boniek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zbigniew Boniek

Statsborgarskap Polen
Fødd 3. mars 1956 (68 år)
Bydgoszcz
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk polsk
Høgd 180 centimeter
Zbigniew Boniek på Commons

Zbigniew Kazimierz Boniek (fødd 3. mars 1956) er ein polsk tidlegare fotballspelar og seinare idrettsleiar frå Bydgoszcz. Han vert særleg hugsa for sine prestasjonar med Polens landslag og som Juventus-spelar, i Polen òg for sine sju sesongar i Widzew Łódź. Boniek var ein særs allsidig spelar; dribleflink, med stor fart og iherdige lange løp frå sine posisjonar som angripar eller offensiv midtbane. Han er sidan 2012 leiar i det polske fotballforbundet, Polski Związek Piłki Nożnej.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Boniek spelte på det polske topplaget Widzew Łódź frå 1975 til -82. Med Boniek i sin midt tok klubben for aller fyrste gong steget opp i toppen av den nasjonale fotballen. Etter tre sesongar på andreplass i seriemeisterskapen, lukkast Widzew Łódź å verte polsk seriemeister i 1981 og -82. Etter Fotball-VM 1982 vart Boniek overført til den italienske storklubben Juventus FC. Tidleg i 1980-åra var det uvanleg at ein toppspelar frå Aust-Europa fekk gå til ein toppklubb i Vest-Europa. Boniek vart snøgt ein publikumsfavoritt i [[Italia og vann i Juventus, i hop med mellom andre Michel Platini og Paolo Rossi, stort sett alt ein kan vinne på klubbnivå. Siger i Europacupen i 1985 var høgdepunktet, det var elles ei turnering Juventus aldri før hadde vunne. 1985-88 spelte han for AS Roma og la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Boniek spelte 80 landskampar for Polen i tida 1976-88. Han deltok i tre rake VM-turneringar; 1978, 1982 og 1986. I 1978 tok laget seg til mellomspelet og enda på ein 6. plass i turneringa. Fire år seinare tapte Polen mot Italia i semifinalen i verdsmeisterskapen 1982, før Polen vann bronsefinalen med 3-2 mot Frankrike. Boniek skåra 24 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av europacupen: 1985 med Juventus
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1984 med Juventus
  • Polsk seriemeister: 1981 og 1982 med Widzew Łódź
  • Italiensk seriemeister: 1984 med Juventus
  • Italiensk cupmeister: 1983 med Juventus, 1986 med Roma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]