Zdeněk Kopal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zdeněk Kopal
Fødd4. april 1914
Litomyšl
Død23. juni 1993
Wilmslow
NasjonalitetAusterrike-Ungarn, Tsjekkoslovakia, USA
Yrkeastronom, matematikar
InstitusjonarHarvard-observatoriet
Alma materKarlsuniversitetet i Praha
Faculty of Science, Charles University

Zdeněk Kopal (4. april 191423. juni 1993) var ein tsjekkisk-britisk astronom som houvdsakleg arbeidde i England.

Kopal var professor ved University of Manchester frå 1951 til 1981. Dei viktigaste forskingsfelta til Kopal var månen, formørkingsvariable stjerner og dobbeltstjerner. Han har skrive eller redigert over 45 bøker, mellom anna fleire populærvitskaplege, til dømes Widening Horizons (1970), Man and his Universe (1972), The Solar System (1972) og The Realm of the Terrestrial Planets (1979). Sjølvbiografien hans, Of Stars and Men – Reminiscences of an Astronomer kom ut i 1986.

Asteroiden 2628 Kopal er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Zdeněk Kopal. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]