Zdzisław Krzyszkowiak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zdzisław Krzyszkowiak
Statsborgarskap Polen
Fødd 3. august 1929
Wielichowo
Død

23. mars 2003 (73 år)
Warszawa

Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk polsk
Høgd 172 centimeter
Zdzisław Krzyszkowiak på Commons
Grava åt Zdzisław Krzyszkowiak

Zdzisław Ludwik Krzyszkowiak (3. august 192923. mars 2003) var ein polsk friidrettsutøvar som tevla på langdistansane og i hinderløp. Han vart olympisk meister på 3000 meter hinder i 1960, to år etter han tok EM-gull både på 5000 m og 10000 m i 1958.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Krzyszkowiak vart lagd merke då han i kvalifiseringsløpet til finalen på 3000 meter hinder under sommar-OL 1956 i Melbourne vart nummer fen i sitt heat, og dermed syrgde for at den regjerande olympiameisteren, Horace Ashenfelter frå USA, vart slått ut. Krzyszkowiak braut finaleløpet og vart dermed nummer ti.

Under friidretts-EM 1958 i Stockholm vann han både 5000 og 10 000 meter. Våren 1960 sette Krzyszkowiak ny verdsrekord på 3000 meter hinder med tida 8.31,4. To månader seinare, under OL 1960 i Roma, vann han gullmedaljen i hinderløpet, einast Nikolaj Sokolov frå Sovjetunionen klarde å halde fylgje inn på oppløpssida. Fem dagar etter hinderløpet vart Krzyszkowiak nummer sju på 10 000 meter.

Sommaren 1961 forbetra Krzyszkowiak verdsrekorden på 3000 m hinder til 8.30,4 under eit løp i småbyen Wałcz. Han la opp i 1963, etter å ha vorte polsk meister 13 gongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]