Kéa

Koordinatar: 37°40′N 26°19′E / 37.667°N 26.317°E / 37.667; 26.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zea)
Kéa
Lokalt namn Κέα eller Τζια
Nær Vourkári på Kéa
Nær Vourkári på Kéa
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°40′N 26°19′E / 37.667°N 26.317°E / 37.667; 26.317
Øygruppe Kykladane

Areal 128,9 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kéa-Kýthnos
Største busetnad Ioulída (633 innb.)

Demografi
Folketal 2 455 (2011[1])
Folketettleik 16,5 /km²
For den nyzealandske papegøyearten, sjå fuglen kea.

Kéa (gresk Κέα, latinsk Ceos) eller Tzia (gresk Τζια), òg kalla Gia, Zea og Keos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet.

Kéa er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kéa-Kýthnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kommunen Kéa inkluderer òg øya Makrónisos i nordvest.

Hovudbyen Ioulída ligg i dei indre områda (som dei fleste antikke busetnadane i Kykladane på grunn av frykta for sjørøvarar). Andre tettstader er hamna Korissía og fiskelandsbyen Vourkári. Etter å ha vorte avfolka i mange tiår, er øya nyleg vorte oppdaga igjen av atenarar som ein flott stad for helge- og båtturar. Folketalet i 2011 var på berre 2 455.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kéa er den øya i Kykladane som ligg nærast Attikí, om lag ein time med båt frå Lávrio, og ligg 20 km frå Kapp Soúnio og 60 km søraust for Aten. Klimaet er tørt og terrenget er åslendt. Kéa er 19 km lang frå nord til sør og 9 km brei frå vest til aust. Ho har eit areal på 129 km² og det høgaste punktet er 560 moh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kéa har vore busett sidan bronsealderen og hadde ein kultur som nådde sitt høgdepunkt seint i den minoiske og tidleg i den mykenske perioden (1600-1400 fvt.).

I antikken var Kéa heimstad til Simonides og nevøen hans Bakkhylides. Begge var greske diktarar. I tillegg kom sofisten Prodikos frå øya.

Under den austromerske perioden vart det bygd mange kyrkjer på Kéa og velstanden til øya auka. Kéa var ein del av riket fram til 1204, då ho vart erobra av venetianarar etter det fjerde krosstoget. Kéa vart gjenerobra av austromarane i 1278. I 1296 fall ho tilbake til venetianarane, som like etter bygde ei borg over den antikke akropolisen i Ioulis. Hamna vart mykje nytta av sjørøvarar, og i 1470 var det berre rundt 200 innbyggjarar att.

Kéa vart okkupert av osmanarane i 1527. Tyrkarane slo seg derimot aldri ned på øya, men dei sende arvanittar her på slutten av 1500-talet. Under denne perioden kom det mange religiøse og intellektuelle personar som ønska å ligge lågt til øya. I 1668 raserte tyrkarane øya fordi dei hadde tatt venetinarane sitt parti, men like etter fekk innbyggjarane mange rettar og mot slutten av hundreåret hadde folketalet stige til tre tusen.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Korissía 711
Ioulída (Kéa by) 633
Písses 157
Vourkári 121
Káto Meriá 92

Andre busetnader på øya er:

  • Otziás (87)
  • Mýles (48)
  • Káto Meriá (47)
  • Khavouná (47)
  • Ajía Mávra (44)
  • Ájos Symeónas (44)
  • Kastaniés (41)
  • Mávro (35)
  • Ájos Theódoros (33)
  • Elliniká (33)
  • Koukouvajá (32)
  • Zoodókhos Pijí (29)
  • Mylopótamos (28)
  • Stavroudáki (22)
  • Astrás (21)




Småøyar i kommunen:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]