Zedekiahgrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°46′57.28″N 35°13′51.41″E
Zedekiahgrotta
grotte
Zedekiah's Cave in summer 2011 (2).JPG
Zedekiahgrotta
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Koordinatar 31°46′57.28″N 35°13′51.41″E

Zedekiahgrotta
31°46′56″ N 35°13′51″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Zedekiah's Cave

Zedekiahgrotta, òg Salomosteinbrotet, er eit underjordisk meleke-kalksteinbrot som har ei lengd på fem bykvartal under Det muslimske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Grotta vart graven ut over ein periode på fleire tusen år og er restane etter det største steinbrotet i Jerusalem. Det strekkjer seg frå Jeremiagrotta til Hagegrava og murane i Gamlebyen.[1] Dei første frimurarane i Det heilage landet, kjend som Royal Salomo Mother Lodge Nr. 293, møttest i grotta den 7. mai 1873.[2]

Grotta er open for publikum søndag til torsdag mot betaling og det finst guida turar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Andre namn på grotta, i tillegg til Zedekiahgrotta og Salomobrotet, er Suleimangrotta, Dei kongelege grottene eller Det kongelege steinbrotet og Korahgrotta. Det arabiske namnet Migharat al-Kitan, eller «Bomullsgrotta», er òg blitt brukt. Ein trur grotta kan ha blitt brukt til å lagre bomull.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Berre inngangen til Zedekiahgrotta er naturleg. Resten er hogge ut av slavar og arbeidarar over ein periode på fleire tusen år.

Herodes den store brukte hovudsakleg stein frå Zedekiahgrotta då han renoverte Tempelet og murane rundt, inkludert det som i dag vert kalla Vestmuren eller Klagemuren. Stein frå steinbrotet kan òg ha blitt brukt til byggeprosjekt av Herodes Agrippa I.[4]

Hovudkammeret i Zedekiahgrotta.

Den romersk-jødiske historikaren Flavius Josefus skreiv om «Dei kongelege grottene» i Gamlebyen,[5] som kan ha vore ein referanse til Zedekiahgrotta.

Suleiman den store (1494–1566), den osmanske sultanen som bygde dei noverande murane kring Gamlebyen, skal òg ha brukt stein frå steinbrotet, men forsegla det kring 1540 på grunn av tryggleisuro. Staden var så tapt i historia i over 300 år før han i 1854 vart oppdaga på ny av den amerikanske misjonæren James Turner Barclay då han var på tur med hunden sin ein dag. I følgje soga skal hunden ha følgd lukta av ein rev, grave i jorda nær muren av Gamlebyen og forsvunne ned i eit hol. Om kvelden skal Barclay og dei to sønene hans, utkledde som arabarar, ha klatra ned opninga og oppdaga den store grotta, i tillegg til skjelett av tidlegare vitjande.[6]

Frimurarane i Israel heldt ein årleg seremoni i Zedekiahgrotta, og rekna det som ein av dei mest heilage stadane i historia si. (Frimureriet hevdar at kong Salomo var den første stormeisteren deira - og somme frimurarar meiner at grotta var steinbrotet til Salomo.[4])

Dei første arkeologiske utgravingane i grotta vart gjort i 2000 og 2002.[7] Det vart då avdekt at muren som ein trudde hadde blitt bygd av osmanarane, var bygd tidlegare, av mamelukkane på 1200-talet.[7] Det vart òg funne små fragment frå jernalderen, men dei fleste funna var frå romersk til bysantinsk tid.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Friedman, Thomas L., «Quarrying History in Jerusalem», The New York Times, 1. desember 1985
  2. The Grand Lodge of the State of Israel
  3. Har-El, Menashe (2004), Golden Jerusalem, Jerusalem: Gefen Publishing House
  4. 4,0 4,1 Friedman, Thomas L., Op. cit.
  5. Flavius Josefus, Jødekrigen, V:4 og 147
  6. Barclay, J[ames] T[urner], MD (1858), The City of the Great King: or, Jerusalem as it Was, as it Is, and as it Is To Be, Challen (Several reprints, including: Scholarly Publishing Office, University of Michigan Library, 2006)
  7. 7,0 7,1 7,2 Yehiel Zelinger (2007). «Jerusalem, ‘Zedekiah’s Cave’». Hadashot Arkheologiyot (israelske Antiquities Authority) 119: 479–480. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]