Sefyros
Utsjånad
(Omdirigert frå Zefyros)
| Sefyros | |||
| Zephyr og Flora måla av William Adolphe Bouguereau i 1875. | |||
| Mor | Eos | ||
|---|---|---|---|
| Far | Astraios | ||
| Ektefelle | Chloris, Iris | ||
| Sambuar | Podarge | ||
| Barn | Αὖραι, Eros, Balius, Xanthus, Karpos, Arion, Pothos | ||
Sefyros eller Zefyros (gresk Ζέφυρος, Zephyros, latin Zephyrus) var guddommen for vestavinden i gresk mytologi. Sefyros var son av Eos, gudinna for morgonrauden, og titanen Astraios.[1] Han var ein av dei fire vindgudane, anemoi, og brørne hans var Boreas, Notos og Euros. Den romerske tilsvarande guden var Favonius.[1]
I Iliaden er Sefyros far til Akhillevs sine udøyelege hestar.[1]
Sefyros har gjeve opphav til ordet sefyr, eit omgrep for vestavind og for lette klede.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Zephyrus». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.