Zeiss Ikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zeiss Ikon Ikoflex

Zeiss Ikon er namnet på ein tysk kameraprodusent.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zeiss Ikon 1926-1945[endre | endre wikiteksten]

Zeiss Ikon oppstod etter ei samanslåing av fire kameraprodusentar (ICA, Contessa-Nettel, Ernemann og Goerz) i 1926. Selskapet var ein del av Carl Zeiss-stiftinga, med optikkprodusenten Carl Zeiss som ein annan del. Dei fleste Zeiss Ikon-kamera var difor utstyrte med optikk frå Carl Zeiss.

Zeiss Ikon hadde hovudsete i Dresden, men hadde òg fabrikkar i Stuttgart og Berlin.

Fleire selskap vart etterkvart med i Zeiss-gruppa: AG Hahn für Optik und Mechanik, Kassel og Goerz Photochemisches Werk GmbH.

Zeiss Ikon var verdsleiande på 8mm filmkamera.

Zeiss Ikon AG Stuttgart 1945-1972[endre | endre wikiteksten]

Etter andre verdskrigen vart Zeiss Ikon delt i ein vest-tysk og ein aust-tysk del. I Vest-Tyskland fortsette produksjonen med hovudsete i Stuttgart.

I 1960 fusjonerte selskapet med Voigtländer, som hadde vore ein del av Zeiss Ikon-gruppa frå 1956.

Den vest-tyske delen av Zeiss Ikon slutta med kameraproduksjon i 1972. Delar av produksjonen gjekk til Rollei, medan ein del ekspertise vart sett inn i etableringa av merkenamnet Contax, i samarbeid med det japanske selskapet Yashica.

VEB Zeiss Ikon Dresden 1945-1991[endre | endre wikiteksten]

I Aust-Tyskland fortsette produksjonen i Dresden frå mai 1945. Mange fabrikkar vart stengde, og mykje av produksjonsutstyret vart teke som krigsskadeerstatting av Sovjetunionen, demontert og flytta til sovjetiske kameraprodusentar. Produksjonen av Contax-modellane heldt fram ei tid med nytt produksjonsutstyr i Jena, men utstyret vart seinare overført til den sovjetiske kameraprodusenten Kiev. I 1948 vart den aust-tyske delen av Zeiss Ikon statseigd, og kameraproduksjonen heldt fram med modellane Tenax og Ikonta. Spegelreflekskameraet Contax S vart produsert frå 1949. Etter ei serie søksmål frå den Vest-Tyske delen av Zeiss Ikon mista den aust-tyske delen retten til å produsera under merkenamnet Contax, og dei seinare modellane av Contax S vart difor marknadsførte utanfor austblokken under namnet Pentacon. Selskapet bytte i 1958 namn til VEB Kinowerke Dresden, og vart seinare ein del av VEB Pentacon.

2004[endre | endre wikiteksten]

I 2004 oppstod namnet Zeiss Ikon på ny, då Carl Zeiss lanserte eit avansert rammesøkjarkamera med dette namnet. For å unngå forvirring og blanding med dei eldre Zeiss Ikon-kamera har dette kameraet vore nemnd Zeiss Ikon ZI eller Zeiss Ikon ZM (då det har M-bajonett). Dette kameraet er utvikla i Tyskland, men vert laga i Japan av Cosina.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

35mm rammesøkjarkamera[endre | endre wikiteksten]

35mm spegelreflekskamera[endre | endre wikiteksten]

Mellomformatkamera[endre | endre wikiteksten]

Andre kamera[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alexander Schulz: Contax S. A History of the World's First 35 mm Prism SLR Camera. Lindemanns Verlag, 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]