Zemlja Georga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Zemlja Georga i Frans Josefs land

Zemlja Georga eller Prins George Land (russisk: Земля Георга) er ei øy ved 80°30′N 49°0′E og er ein del av Frans Josefs land i Russland.

Med eit totalt areal på 2821 km² er Zemlja Georga den største øya i Frans Josefs land. Ho er òg den lengste med ei lengd på 115 km frå nord til sør. Det høgaste punktet er 416 meter over havet.

Zemlja Georga har ei forreven kystlinje med mange bukter, viker og nes. Det meste av øya ligg under store isbrear. Det er ei stor isfri halvøy i nord, Poluostrov Armitidzj. Det vestlegaste neset er på denne halvøya er Mys Multanovskogo, og bortanfor dette ligg sundet Proliv Arkhangelskij mellom Zemlja Georga og Aleksandra Land. Sundet Cambridge Channel (Proliv Kambrittsj) ligg lenger sørvest.

Zemlja Georga har tre nes som peikar sørvestover på sørkysten, Kapp Neale (det vestlegaste punktet på øya), Kapp Crowther og Kapp Grant. Det austlegaste neset vert kalla Mys Murray.

To nes peiker nordover, Mys Brjusa og Mys Battenberg, og mellom desse ligg Sommervillebukta.

Nightingale-kanalen (Proliv Nejtingejl) går aust for Zemlja Georga med Bruceøya på andre sida.

Zemlja Georga vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til ære for prins Georg av Hessen-Darmstadt (1669 - 1705), som vart Generalfeldwachtmeister i den austerrikske hæren i 1694 og feltmarskalk i 1699.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Davidøya (Остров Давида Ostrov Davida), 80.15 N og 47.33 E, er ei lita øy sørvest for Zemlja Georga.
  • Arthurøya ligg nord for Zemlja Georga og mellom dei ligg sundet Proliv Li-Smita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]