Urmakaren Zenith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zenith)
Urmakaren Zenith


BransjeHorologi
Skipa1865
HovudkontorLe Locle
LandSveits
Produktklokke, ur
Nettstadhttp://www.zenith-watches.com

Zenith er ein sveitsisk klokkeprodusent som har har produsert eksklusive klokker siden 1865. Firmaet vart starta av 22 år gamle Georges Favre-Jacot. Det vart seinare kjøpt opp av LMVH, i november 1999.

El Primero[endre | endre wikiteksten]

El Primero-kaliberet var først utgitt i 1969.[1] Kaliberet var eit av dei første automatiske kronograf-urverka som var laga. Urverket har heile 36 000 svingingar i timen, noko som gjev ein ekstra gangnøyaktigheit. Zenith var verdas første produsent som laga eit mekanisk kronograf med ein tidels nøyaktigheit. 9 månadar, meir enn 2 500 operasjonar, 300 ekspertar og 18 forskjellige typar metal skal til for å produsere eit El Primero-urverk. Det har ein gangreserve på over 50 timar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ZENITH illustrated timeline covering the history of the manufacture and brand», www.zenith-watches.com (på engelsk), henta 20. januar 2023