Zeppelinfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zeppelinfjellet
fjell
Ny-Alesund (js) 3.jpg
Zeppelinfjellet med luftmålestasjonen til venstre i bilete
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Brøggerhalvøya, Oscar II Land, Spitsbergen
Høgd 553 moh.
Koordinatar 78°50′N 11°30′EKoordinatar: 78°50′N 11°30′E
Wikimedia Commons: Zeppelinfjellet

Zeppelinfjellet er eit fjell på Brøggerhalvøya, to km frå Ny-ÅlesundSpitsbergen. Fjellet har ei høgd på 553 moh.

Norsk Polarinstitutt driv luftmålestasjon Zeppelin på Zeppelinfjellet saman med Norsk institutt for luftforskning. Luftmålestasjonen ligg på 475 moh og vart opna i 1990. Ein kan nå stasjonen frå Ny-Ålesund med ein gondolbane.

Zeppelinfjellet har namnet sitt etter den tyske offiseren og luftskipskonstruktøren Ferdinand von Zeppelin (1838-1917) som leia ein ekspedisjon til dette området i 1910 saman med Hugo Hergesell.