Hopp til innhald

Zero Gravity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Zero Gravity» (norsk omsetjing 'null tyngdekraft') er ein operapopsong frå 2019 som vert framført av den australske sopranen Kate Miller-Heidke. «Zero Gravity» vann den australske songtevlinga Eurovision – Australia Decides og var det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Miller-Heidke skreiv «Zero Gravity» saman med Keir Nuttall og Julian Hamilton etter å ha fått fødselsdepresjon, og følte seg «vektlaus» i tida etterpå.[1] Miller-Heidke sa: «Etter at eg fødde sonen min Ernie, gjekk eg gjennom ein lang periode der eg følte at eg hadde mista identiteten min og følte meg tåkete og nedfor på ein måte. Det tok eit par år etter fødselen før eg følte at eg fekk tilbake styrken min, motivasjonen og ei kjensle av kven eg er. Og det var berre ei heilt fantastisk kjensle, og det er det eg har prøvd å fange i denne songen.»[2]

«Zero Gravity» var ein av ti deltakarar i songtevlinga Eurovision – Australia Decides, som vart arrangert i Gold Coast i Australia laurdag 9. februar 2019 av den australske kringkastaren SBS. Miller-Heidke er klassisk skolert, men har sidan gått over til popmusikk og blandar sjangrar som pop, klassisk og opera.[3] Songen «Zero Gravity» er ei blanding av pop og opera, òg kalla operapop. Miller-Heidke og songen «Zero Gravity» vann både jury- og telefonavrøystinga og vart dimed det australske bidraget til Eurovision Song Contest.[4]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Australia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Australia hadde startnummer 12.[5] «Zero Gravity» vann semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[6] I finalen kom songen på niandeplass av 26 deltakarar.[7]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]