Hopp til innhald

Zeven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zeven
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Areal 74,13 km²
Folketal 14 376 (31. desember 2023)
Kart
Zeven
53°17′49″N 9°16′44″E / 53.296944444444°N 9.2788888888889°E / 53.296944444444; 9.2788888888889
Wikimedia Commons: Zeven

Zeven er ein administrasjonsby i Samtgemeinde Zeven med knapt 13 600 innbyggjarar (2013). Han ligg i den sentrale delen av Landkreis Rotenburg (Wümme), i den nordlege delen av den tyske delstaten Niedersachsen.

Kommunen ligg midt i trekanten mellom byane Bremerhaven, Bremen og Hamburg. Zeven ligg i landskapet Zevener Geest. Elva Mehde-Aue, som munnar ut i Oste kring to kilometer nord for byen, renn gjennom han. I tillegg til hovudbyen Zeven ligg òg landsbyane Aspe, Badenstedt, Bademühlen, Brauel, Brüttendorf, Oldendorf og Wistedt.

St. Viti Kirche, som er ein del av Kloster Zeven

I byen ligg benediktinarklosteret Kloster Zeven, som blei bygt i 1141.

Nabokommunar

[endre | endre wikiteksten]

Zeeven grensar til Seedorf i nord, Heeslingen i nordaust, Elsdorf i aust og søraust Gyhum i sør, Bülstedt i sørvest, Kirchtimke i vest og Ostereistedt i nordvest.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zeven