Zhang Wenxiu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Zhang Wenxiu (fødd 22. mars 1986) er ein kinesisk sleggjekastar frå Dalian i Liaoning-provinsen. Ho har vore mellom dei beste sleggjekastarane i verda sidan 2004. Perioden 2007-17 vann Zhang ein sølvmedalje i både VM og Sommar-OL, tre bronsemedalje i VM og ein OL-bronse. Ho sigra i øvinga i asialeikane tre gongar i rad og er to gongar asiameister.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Berre 15 år gammal vart Zhang nummer 11 i Edmonton-VM 2001. Etter ein sjuandeplass ved Sommar-OL 2004 har ho alltid vore mellom dei fem beste i sleggjetevlinga under friidretts-VM og sommar-OL. Såleis vann ho bronsen ved VM 2007, Sommar-OL 2008, VM 2011 og VM 2013. Zhang vart asiameister i 2005 og 2009, og ho gjekk til topps i sleggjekasting under asialeikane tre gongar i rad; 2006, 2010 og 2014. Under 2014-leikane i Incheon den 28. september fekk ho opp sitt livs lengste kast på 77,33 meter. Då VM i friidrett 2015 fann stad på kinesisk grunn sikra Zhang seg sølvmedaljen, ein ny sølvmedalje tok ho under dei olympiske sommarleikane i Rio de Janeiro året etter. I begge tevlingane var ho ikkje i nærleiken av å tukte verdseinaren Anita Włodarczyk frå Polen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]