Zhaotong
Zhaotong (kinesisk: 昭通; pinyin: Zhāotōng) er eit byprefektur heilt nordaust i provinsen Yunnan i det sørlege Kina. Byprefekturet grensar til provinsen Sichuan i vest og i nord, og til provinsen Guizhou i aust. Zhaotong har eit areal på 23 192 km² og eit folketal på om lag 5,46 millionar.
Byprefekturet Zhaotong omfattar eitt distrikt (区 qū) og ti fylke (县 xiàn).
Næring[endre | endre wikiteksten]
Hovudnæringar er gruvedrift, tobakksdyrking og sementproduksjon. Prefekturet har eit av dei største lignitt-reservoara i Kina. Zhaotong er eit av dei fattigaste byprefektura i Kina og styresmaktene har oppmoda yngre folk om å søke arbeid i det søraustlege delane av landet.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Kinas riksveg 213 går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Zhaotong» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2012.