Zhong Huandi
Zhong Huandi | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 28. juni 1967 (55 år) Yunnan |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Zhong Huandi (fødd 28. juni 1967) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar frå Yunnan. Ho vann sølvmedaljen på 10 000 meter i VM 1991 og VM 1993.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Zhong vart nummer 2 i milløpet under Friidretts-VM 1991 i Tokyo, slått med over 20 sekund av britiske Liz McColgan. Året etter tapte Zhong spurten om bronsemedaljen på same distansen under Sommar-OL 1992 og vart nummer 4. Zhong sette personbeste med 31.12,5 på 10 000 meter då verdsmeisterskapen 1993 fann stad i Stuttgart, 23 sekund attom landskvinna Wang Junxia. Berre vel to veker seinare, i Beijing 8. september 1993, oppnådde dei same to løparane fabelaktige tider på 10 000 meter. Zhong forbetra seg med 59 sekund til 30.13,3, fortare enn verdsrekorden til Ingrid Kristiansen. Trass i dette måtte ho sjå Wang langt framom seg, ho kom i mål på 29.31,7 og sette ein verdsrekord som stod i 23 år. Etter ho vann maratonløpet ved Asia-leikane 1994, forsvann Zhong frå idretten.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 1988 i Seoul: Nr 30 i maraton – 2.36.02
- VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 10 000 m – 31.35,0, bakom Liz McColgan (31.14,3)
- OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 10 000 m – 31.21,0
- VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje på 10 000 m – 31.12,5, bakom Wang Junxia (30.49,3)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Zhong Huandi» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2022.