Zhongxing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bygget til provinsadministrasjonen i Zhongxing.

Zhongxing (kinesisk 中興), eller Zhongxing New Village er ein by i Nantou by midt på Taiwan og provinshovudstad i provinsen Taiwan. Zhongxing hadde om lag 25 549 innbyggjarar i 2010.

Paifangen eller den seremonielle porten til Zhongxing.

Zhongxing er ein planlagd by som blei grunnlagd i 1955 etter inspirasjon frå Storbritannia. Provinsstyresmaktene byrja flytta hit frå Taipei i 1956, og bygginga var ferdig i 1957. Byen har fleire parkar, plenar, tre og fontener, medan bygga ligg på rekkjer.

Ifølgje Folkerepublikken Kina, som ikkje anerkjenner Republikken Kina (Taiwan), er Taipei framleis provinshovudstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]