Zhou Ji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zhou Ji
Fødd26. august 1946
Shanghai
NasjonalitetFolkerepublikken Kina
Yrkeingeniør, politikar
Alma materTsinghuauniversitetet
University at Buffalo
MedlemChinese Academy of Engineering

Zhou Ji (fødd 26. august 1946) er ein teknologisk vitskapsmann som var utdanningsminister i Folkerepublikken Kina frå 2003 til 2009.

Hovudfaget til Zhou er design ved hjelp av datamaskinar. Han har over 200 publikasjonar, og blei vald inn til det kinesiske ingeniørakademiet i 1999. Han studerte først presisjonsinstrument ved universitetet i Tsinghua, som han gjekk ut frå i 1970. Zhou tok deretter vidare utdanning ved universitetet for naturvitskap og teknologi i Huazhong, der han tok ein mastergrad i 1981 og tok ei doktorgrad ved universitetet i Buffalo i staten New York i 1984.

Zhou har vore leiar for fakultetet for mekanikk og seinare president ved Huazhong-universitetet. Han har òg vore borgarmeister for industribyen Wuhan, direktør ved departementet for naturvitskap og teknologi i Hubeiprovinsen, og leiar av komiteen for grunnleggjande utdanning innan mekanikk i Kina.