Zhuzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zhuzhou (gul) i Hunan
Zhuzhou

Zhuzhou (kinesisk: 株州; pinyin: Zhūzhōu) er eit byprefektur aust i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet, som i aust grensar mot provinsen Jiangxi, har eit areal på 11 262 km² og 3 855 609 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 806 988 menneske i storbyen.

Byprefekturet Zhuzhou omfattar fire distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Metallurgisk industri, maskinproduksjon, kjemisk industri og byggvareindustrien er dei fire nøkkelnæringane i Zhozhou.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området. Også Jingguangbana, som er den eldre jarnvegen mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her.

Kinas riksveg 320 går gjennom området. Han tek til i Shanghai og fører sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Burma. Undervegs er han innom mellom andre Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Zhozhou og Fredrikstad er vennskapsbyar sidan 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]