Zinovjev-brevet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zinovjev-brevet (1924))
Hopp til navigering Hopp til søk

Zinovjev-brevet frå 1924, ogso kjend i Det sameinte kongeriket (Storbritannia) som the Red Letter - det raude brevet - er ein kommunikasjon med tvilsam autentisitet mellom Grigorij Zinovjev, den fyrste presidenten i den Kommunistiske Internasjonalen Komintern i Moskva og det britiske kommunistpartiet. Brevet tok til orde for væpna kamp mot kapitalismen og revolusjonær agitasjon blant styrkane i det britiske militærapparatet. Brevet vart publisert 25. oktober 1924, fire dagar føre det skulle vera paralamentsval i Det sameinte kongeriket. Mange meiner at det var eit viktig bidrag til at Ramsay MacDonald (1866-1937) ikkje vann dette parlamentsvalet.

Kopiar av brevet hadde nådd både det britiske utanriksdepartementet og avisa Daily Mail, og det vart publisert saman med ein diplomatisk protest til Sovjetunionen. Labourleiarar meinte det var planta for å sverta partiet og sikra attval for Det konservative partiet. Det liberale partiet trekte kring 100 valkandidatar for å sikra samla front mot det oppfatta raude trugsmålet. Lenge i ettertid har The Guardian hevda at brevet var eit MI5 eller MI6-påfunn som vart gjeve i «lekkasje» til det konservative partiet.[1] Brevet er no ålment akseptert som ein fabrikasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Norton-Taylor (4. februar 1999). «Zinoviev letter was dirty trick by MI6». The Guardian (engelsk). Henta 30. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Zinovjev-brevet ved Wikisource (en).